Kick-off bygg anlegg, Ålesund
Ålesund, Fremtidslabben, NMK-bygget
Kan du tenke deg å bli bygg og anleggsarbeidar?
Vi inviterer saman med NAV, opplæringskontora Byggopp og OKAB, til ein rekrutteringsdag for bygg og anleggsfag, Kick-off bygg anlegg.
Vi ønsker å kome i kontakt med deg som er nysgjerrig på jobb innan bransjen, alle fagretningar. Kanskje har du noko erfaring og ønsker å formalisere kompetansen?
Målet med dagen er:
-å vise frem ulike sider av yrket og starte ein prosess der vi finn vegen din mot eit fagbrev, dersom du ønsker det
- å få til opplæringsløp som resulterer i fagbrev. Kvart løp vil i utgangspunktet vere individuelt og bygge på den enkeltes kompetanse og tidlegare erfaringar.
Påmelding:
Ålesund, 9. juni 2023 ved Fremtidslabben, NMK bygget
Kva skjer etter kick-off om du ønsker å bli med vidare?
- Intervju med arbeidsgivarar (her kan du sette opp ønske)
- Moglegheit til å prøve ut yrket
- Individuelle løp; for eksempel kan kartlegging, søknad til skole, oppstart lærlingeløp og økonomiplanlegging vere noko av det som skjer
NAV handterer påmeldinga og du vil derfor komme til NAV sine sider når du melder deg på.
Håper vi ser deg på KICK-OFF!