Kick-off bygg anlegg, Molde
Molde, Romsdal vgs
Kan du tenke deg å bli bygg og anleggsarbeidar?
Vi inviterer saman med NAV, opplæringskontora Byggopp og OKAB, til ein rekrutteringsdag for bygg og anleggsfag, Kick-off bygg anlegg.
Vi ønsker å kome i kontakt med deg som er nysgjerrig på jobb innan bransjen, alle fagretningar. Kanskje har du noko erfaring og ønsker å formalisere kompetansen?
Målet med dagen er:
-å vise frem ulike sider av yrket og starte ein prosess der vi finn vegen din mot eit fagbrev, dersom du ønsker det
- å få til opplæringsløp som resulterer i fagbrev. Kvart løp vil i utgangspunktet vere individuelt og bygge på den enkeltes kompetanse og tidlegare erfaringar.
Påmelding:
Molde, 7. juni 2023 ved Romsdal videregående skole
Kva skjer etter kick-off om du ønsker å bli med vidare?
- Intervju med arbeidsgivarar (her kan du sette opp ønske)
- Moglegheit til å prøve ut yrket
- Individuelle løp; for eksempel kan kartlegging, søknad til skole, oppstart lærlingeløp og økonomiplanlegging vere noko av det som skjer
- NAV handterer påmeldinga og du vil derfor komme til NAV sine sider når du melder deg på.
Håper vi ser deg på KICK-OFF!