Webinar - Inkluderande russefeiring
webinar
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer russestyra, rektorar, kommunar, politi, relevante frivillige organisasjonar, politikarar og andre interesserte til erfaringsdeling frå pilotprosjektet om trygg og inkluderande russetid i Ålesund kommune. Her vil du få informasjon om korleis det blir arbeidd for å lage trygge rammer for avgangsmarkeringa, og om dei erfaringane som er gjort i pilotprosjektet til no. I møtet vil ein treffe viktige aktørar frå Ålesund kommune, russen, Kompetansesjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune og Elev- og lærlingombodet med fleire.
Møtet er ei oppfølging av vedtak i Utdannings- og kompetanseutvalet (UDK 0041/22):
Utdannings-og kompetanseutvalet ser positivt på arbeidet med ei trygg og inkluderande russefeiring og pilotprosjekt i samarbeid med kommunane. Utdannings- og kompetanseutvalget ber fylkeskommunen, sammen med andre aktører som politiet, kommuner og andre, om å ta initiativ til et felles digitalt møte med alle russestyrer og rektorer i god tid før russefeiring i 2023 for å dele erfaringane frå pilotprosjektet i Ålesund.
Det vil bli gjort opptak av møtet.
Trykk først på denne lenka for å registrere deg
Deretter vil du få ein e-post med lenke til webinaret.