ABM-konferanse
Vestnes fjordhotell og Vestnes bibliotek
Vi har gleda av å invitere til abm-konferanse for abm-sektoren i Møre og Romsdal fylke.
Som einaste fylkeskommune i landet har Møre og Romsdal frå 1.1.2021 ein eigen seksjon for arkiv, bibliotek og museum. Fylkeskommunen ønsker, på lag med praksisfeltet, å styrke samhandlinga mellom tre sjølvstendige fagfelt, med sterkt samanfallande samfunnsoppdrag. Å styrke samhandlinga i abm-sektoren er i tråd med nasjonale, politiske føringar innan dei tre fagfelta. Det skal gagne dei som jobbar i abm-sektoren og ikkje minst skal det gagne innbyggarane i fylket vårt.
Saman med gode samarbeidspartar i Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR) og Norsk bibliotek Foreining (NBF) inviterer seksjon for abm til ein konferanse som skal gi inspirasjon, kompetanseheving og bidra til nettverksbygging.
Til årets abm-konferanse kjem det foredragshaldarar frå alle tre fagfelt i abm-sektoren,alle med innlegg som er relevant på tvers av dei tre fagfelta. Juristar frå Nasjonalbiblioteket held innlegg om jussen kring tilgjengeleggjering av audiovisuelt kjeldemateriale. Kulturdepartementet kjem for å presentere perspektiv på arkiv-, bibliotek- og museumssamarbeid slik det ligg i den nye museumsmeldinga. Spesialsamlingane ved Universitetet i Bergen held innlegg om arbeidet sitt på eit bibliotek som jobbar i krysninga mellom arkiv, bibliotek og museum. Som tidlegare avdelingsleiar i abm-utvikling og no biblioteksjef ved Bergen offentlege bibliotek har Leikny Indergaard Haga eit viktig blikk for dei endra forutsetningane for samarbeid i abm-sektoren dei siste åra. Musea i Akershus kjem saman med KulturIT for å fortelje om deira svært spanande satsing, Virtuelt museum. VITI og IKAMR ved Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) fortel om erfaring frå felles pilotprosjekt og Vestnes bibliotek vil fortelje om sitt samarbeid med Båtbyggarmuseet i Vestnes og utvikling av eit moderne folkebibliotek som også er arena for formidling av kulturarv. Frå Sverige kjem Nordisk Center for kulturarvspedagogikk for dele erfaring med abm-samarbeid i nordisk samanheng.
Med dette breitt samansette og aktuelle programmet vil vi belyse utfordringar abm-sektoren står ovanfor og peike på kva moglegheitsrom vi har for samhandling i sektoren.
Ein viktig del av konferansen er også å etablere eit abm-nettverk i fylket vårt som kan styrke fagfelta kvar for seg og samhandlinga mellom dei. Vi håper på brei oppslutning og gler oss til å treffe dykk alle.
Påmeldinga er open no. Påmeldingsfrist er 7.november. Justeringar i program kan forekomme – følg med på denne sida for oppdateringar undervegs.
ca. kl. 10:30 | Registrering |
Kl. 11:00 | Velkomst v/ fylkeskulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen |
Kl. 11:15 | Perspektiv på arkiv-, bibliotek- og museumssamarbeid i den nye museumsmeldinga v/ Stein Sægrov, Kulturdepartementet |
KL. 12:00 | Lunsj |
Kl. 13.00 | Att mötas på tvären - nordiska exempel på gränsöverskridande ABM v/ Helena Kuhlefelt, Nordiskt Centrum för Kulturarvspedagogik (NCK) |
Kl. 14:00 | Pause |
Kl. 14:15 | Kva utviklingspotensiale kan vi ha med ABM-samarbeid? v/ Leikny Indergaard Haga, Bergen offentlege bibliotek |
Kl. 15:00 | Pause eventuelt med innsjekk |
Kl. 15:30 | Velkommen til Vestnes bibliotek – Stella maris Biblioteksjef Vigdis Ødegaard fortel om nytt folkebibliotek og samarbeid med Båtbyggarmuseeet og Robert Vik frå Båtbyggarmuseet fortel om restaurering av galeasen Søblomsten |
Kl. 16:15 | Omvisning i Vestenes bibliotek og på galeasen Søblomsten |
Kl. 17:45 | Pause |
Kl. 19:00 | Middag |
Kl. 08:55 | God morgon |
Kl. 09:00 | Opphavsrett og digital tilgjengeliggjøring v/ Valentina Moreno, juridisk rådgivar ved Nasjonalbiblioteket |
Kl. 10:00 | Pause |
Kl. 10.15 | Etablering av ABM-nettverk |
Kl. 11.15 | Pause med utsjekk |
Kl. 11.45 | Lunsj |
Kl. 12:30 | Refleksjoner rundt spesialsamlinger i bibliotekene – å jobbe i krysninga mellom arkiv, bibliotek og museum v/Alexandros Tsakos, Spesialsamlingane ved Universitetet i Bergen |
Kl. 13.00 | Pause |
Kl. 13.15 | Erfaringar med felles pilotprosjekt - VITI v/Torbjørn Akslen og Fylkessenter for Digitalisering av Kulturarven (SEDAK) og ved IKA Møre og Romsdal (IKAMR) v/ Ottar A.B Anderson |
Kl. 13.45 | Bakgrunn for, og utvikling av VirtueltMuseum - Musea i Akershus (Mia) v/Cecilie Øien og KulturIT v/Espen Nordenhaug |
Kl. 14.30 | Takk for no og vel heim! |