ABM-konferanse 2022
Scandic Kristiansund
Vi har gleda av å invitere til ABM-konferanse for ABM-sektoren i Møre og Romsdal fylke.
Konferansen er eit årleg møtepunkt for ABM-sektoren i Møre og Romsdal fylke, men òg for deltakarar utanfor fylket. Målet med konferansen er å gi fagpåfyll og inspirasjon for tre ulike fagfelt med samanfallande samfunnsoppdrag. Dei enkelte fagfelt skal få fordjupe seg i sine felt og det skal byggast nettverk mellom fagfelta. Konferansen skal styrke ABM-nettverket i fylket og knytte nettverket til samarbeidspartar nasjonalt og internasjonalt. Konferansen arrangerast som eit samarbeid mellom kulturavdelinga i fylkeskommunen ved seksjon for arkiv, bibliotek og museum, Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal (IKAMR) og Norsk bibliotekforening Møre og Romsdal (NBFMR).
ABM-konferansen 2022 skal blant anna løfte frivilligheita i ABM-sektoren gjennom gode eksempel frå frivilligheita sjølv, utforske bruk av digitale arkivkjelder i både museum og bibliotek og belyse sentrale omgrep som samlingsforvaltning og lesesørvis. Bidragsytarar er blant anna fylkets eigen frivilligheit, regionmusea vår, Rogaland fylkesbibliotek, Musea i Akershus og nasjonale aktørar som Arkivverket og Nasjonalbiblioteket.
Det blir òg eit sosialt program kor vi besøker fotofestivalen Nordic Light og får oppleve noko av Kristiansund si rike kulturhistorie. Det blir også MarioKart-turnering for den leikande konferansedeltakar!
Påmelding er stengt.