AKTIV HEILE LIVET! Folkehelsekonferansen 2023
Scandic Hotel Seilet, Molde
Tema for årets folkehelsekonferanse er livslang helse, sosial inkludering og psykisk helse. Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal idrettskrets inviterer til konferansen som går over to dagar i Molde.
Program
Programmet har mykje å by på og fullstendig program finn du nedst på sida. Vi gjer merksam på at etter ordinært program på dag to, er Frisklivssentralane i fylket invitert vidare til ei fagsamling. Vi er glade for å kunne presentere at den kjente hjerneforskaren Ole Petter Hjelle kjem med sitt foredrag «Sterk hjerne med aktiv kropp». I tillegg kan vi mellom anna freiste med følgande tematikkar og stikkord på kva som kjem:
Måndag 30.10 Frå kl. 09.30-16.30
- Folkehelse og livsmeistring med mellom anna presentasjon av ABC for god psykisk helse og Livet&Sånn
- Ungdom og medverking med mellom anna Tøyenakademiet, dei unges stemme og panelsamtale på korleis få til reell medverking.
- Planlegging som førebyggande tiltak med mellom anna Forebyggande plan i barnevernsreforma, Økonomi som barriere for deltaking, tverrfagleg samarbeid for barn og unge, kommuneeksempel, UNG kunst og kultur og Undersøking på frivilligheita.
- Søvn og psykisk helse
Bli med på ein frisk gåtur i nærmiljøet kl. 17.
Konferansemiddag kl. 19
Tysdag 31.10 kl. 08:30-14:45
- Sterk hjerne med aktiv kropp – korleis hjernen vår påverkast når vi er i aktivitet. Foredrag med Ole Petter Hjelle som har doktorgrad i hjerneforsking.
- Matglede gjennom heile livet, foredrag og dialog
- Fysisk aktivitet heile livet med mellom anna fysisk aktiv læring i skolen, folkehelse og rørsleglede, “Bo trygt hjemme” reformen, gode eksempel som Gåfotball og Smøla frisklivssentral. Og det blir utdeling av Idrettsstipend frå fylkeskommunen!
Kun for Frisklivssentralane kl. 15:00 -16.30
- Funksjonell trening med Mathias Lilleheim i lokalane til Bris treningssenter (praktisk økt)
- Informasjon og dialog
Målgruppe
- Kommunane med til dømes folkehelsekoordinator, friskliv, kommuneoverlege, kultur, psykisk helseteneste, leiarar barnehage/skular, NAV, politikarar
- Andre som jobbar med forebyggande helsearbeid i fylket
- Frivilligheita - regionledd og paraplyorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar i fylket
Påmelding
Konferansen er gratis.
- Påmeldingsfrist er 10.oktober
- Påmeldingsskjemaet finn ein ved å følgje følgjande lenke: https://forms.office.com/
- Her kan du bestille rom ved Scandic Seilet. Ein kan også bestille via epost til meeting@scandichotels.com eller på telefon 21898167. Ved booking skal fult namn, telefonnummer, mail og garanti for betaling oppgis.
- Fylkeskommunen held av eit vist tal rom fram til 05.10.23, så vær rask med å bestille rom.