AMR-Seminar 2019

18/10 2019 10:00 - 19/10 15:00
Borgund, Sunnmøre Museum
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeksommune inviterer til AMR-Seminar 2019.

AMR 2019 er eit nytt seminar/forum for alle som er interesserte i arkeologi i Møre og Romsdal. Seminaret skal i utgangspunktet handle arkeologiske tema knytt til vårt fylke, og vere med å oppdatere både fagmiljøet og andre interessentar i kva som skjer innan arkeologifaget. Seminaret er mynta på både dei som jobbar i arkeologien, dei som er utdanna innan arkeologi men har andre arbeidsforhold, samt dei som har ei interesse for faget.

Seminaret skal haldast på Borgundgavlen. Gjesteforelesar Bergljot Solberg.

Program vert lagt ut snart. Men hold av datoane allereie no!

Påmeldingsfrist: 3. oktober

Middag og overnatting:

Ta kontakt med Scandic Parken Hotell for pris etter avtale. Referanse: AMR 2019

Pris: Seminaret er gratis, men de må koste middag, reise og opphald sjølve. Gratis Lunsj.

Middag: 4 retter på Polarbjørn Scandic Parken: Strandkrabbesuppe, kamskjell, langtidsstekt okse, sjokoladesorbet Pris: 675;

Ved allergiar er det viktig å  gi beskjed så tidleg så mogleg slik at restauranten kan kome med andre alternativ.

 

Påmeldingsskjema

Kontakt