Biblioteksjefmøte 2022
Quality Hotel Waterfront, Ålesund
Biblioteksjefmøte 2022 er lagt til Quality Hotel Waterfront 6.–7. april i Ålesund.
På årets samling får vi besøk av fleire spennande foredragshaldarar.
Anette Kure, biblioteksjef ved Sarpsborg bibliotek, vil ha foredrag om korleis ho arbeider med synleggjering og å skape handlingsrom i kvardagen. Rita Mundal er biblioteksjef ved Lom folkebibliotek og har stått for store nasjonale prosjekt om litteratur, blant anna om moderne klassikarar og beste norske 2018–2020. Ho vil gi oss innblikk i korleis eit lite folkebibliotek kan kome i mål med store prosjekt.
Professor i bibliotek- og informasjonsvitskap ved OsloMet, Håkon Larsen, vil gi oss gode argument for bibliotek. Og Trygve Ramnefjell, litteraturformidlar på Bokbussen Innlandet, vil leie oss gjennom korleis ein kan ta scenen som biblioteksjef.
Sjå vedlagt program.
Påmeldingsfrist: 22. mars
DAG 1: ONSDAG 6. APRIL
10:45 | Registrering og kaffi |
11:15 | Velkommen med poesifrukost, v/Mona Iren Auganæs og Anette Kure |
11:45 | Lunsj |
12:45 | Men hvem sa at dagene våre skulle være gratis?, v/Anette Kure, biblioteksjef, Sarpsborg bibliotek |
13:45 | Pause |
14:00 | Korleis skape aktivitet med små ressursar, v/Rita Mundal, biblioteksjef, Lom folkebibliotek |
14:45 | Pause |
15:00 | Kafédialog |
16:00 | Pause med innsjekk |
17:00 | Omvisning på Jugendstilsenteret |
19:30 | Middag |
DAG 2: TORSDAG 7. APRIL
09:00 | God morgon |
09:05 | Arbeid med innspel frå førre biblioteksjefmøte – SWOT, v/ABM-seksjonen |
11:00 | Lunsj med utsjekk |
12:00 | Argumenter for bibliotek i den statlige kulturpolitikken, v/Håkon Larsen, sosiolog og professor i bibliotek- og informasjonsfag, OsloMet |
12:45 | Pause |
13:00 | Hvordan ta scenen som biblioteksjef, v/Trygve Ramnefjell, litteraturformidlar, Bokbussen i Innlandet |
14:30 | Pause |
14:40 | Open post |
15:00 | Takk for i dag og vel heim! |