Biblioteksjefmøte 2023 – Å blomstre i eigen organisasjon
Scandic Alexandra Molde
12.-13. april 2023, Scandic Alexandra Molde
Biblioteka har ei sentral rolle i å styrke demokratiet og ytringsfridomen i samfunnet. Dei er ein lågterskel møteplass som speglar lokalsamfunnet sitt mangfald og engasjement. For at biblioteka skal kunne utfylle denne funksjonen, er det avgjerande med tydeleg leiarskap, fagleg utvikling, samarbeid og innovasjon. Gjennom interne og eksterne prosessar kan biblioteka utvikle seg sjølve og kommunen som organisasjonar som møter innbyggarane sine behov og forventingar på ein relevant og attraktiv måte.
Biblioteksjefmøtet vil innehalde spennande innlegg med mål om at biblioteket og du som biblioteksjef får verktøy til å blomstre i eigen organisasjon.
På dag éin kjem Eigunn Stav Sætre, direktør ved Nordmørsmusea, som vil ha eit innlegg om korleis vere ein tydeleg leiar i ein utydeleg organisasjon. Vi får også besøk av Prosjektarenaen i Møre og Romsdal fylkeskommune ved Kristin Ålmo, som vil snakke om utviklingsarbeid og korleis ein kan flette utvikling- og forbetringsarbeid inn i drifta. Her vil det både bli inspirerande innlegg og gruppearbeid gjennom dagen. På kvelden blir det middag og sosialt innslag.
Dag to startar med innlegg frå to av fylkets biblioteksjefar. Elisabeth Soleim vil fortelje om brukarmedverknad og tenestedesign ved Normoria, og Anne Elin Øverbø vil vise oss det nye biblioteket på Aukra. Etter dette tek vi eit djupdykk i planarbeid, og vi får besøk av fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm og rådgivar Mona Fluge. Som ei avslutning på dagen vil det bli informasjon frå seksjon for arkiv, bibliotek og museum.
Vi ser fram til desse dagane saman med dykk.
Påmeldingsfrist: 29. mars
Sjå vedlagt program.
Med atterhald om prisjustering for 2023.