Digital workshop om skjønnlitteratur

7/11 2020 12:00 - 15:00
Digital workshop
Skriv ut
Bilde av bibliotekinteriør og lesende ungdommer.

UKM og Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å invitere undom mellom 13-20 år til ein digital skjønnlitterær workshop der deltakaranes kreative moglegheiter og evner står i sentrum. Gjennom forskjellige skriveøvingar, tekster og diskusjonar vil elevane i løpet av tre timer produsere korte skjønnlitterære tekster med hovudfokus på fortelling og dikt. Kurset vil finne stad over nettplattforma Teams.

Påmelding for kommunar som allereie har hatt lokale UKM-arrangement, startar måndag 26. oktober.

Workshopen vert leia av Endre Ruset.

Endre Ruset (f. 1981) frå Molde er forfattar. Utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Debuterte med diktsamlinga ”Ribbeinas Vingespenn” på Gyldendal. For sin andre diktsamling fekk han Bjørnsonstipendet. Han ga ut diktsamlinga ”Elsket og savnet” i 2014. I 2017 kom diktsamlinga ”Noriaki” på Flamme Forlag. Endre er litteraturkritikar i Dagbladet, programleiar i NRK P2, redaktør i olympiastadion.no, og har heldt skrivekurs rundt om i landet i en årrekke.

Påmeldingsskjema
11 ledige plasser

Kontakt