Digitale samlingar i 23 ting om å formidle på nett - samling 4
Digitalt
Nettkurset 23 ting om å formidle på nett blei lansert i februar 2021. No ønsker vi å invitere til digitale samtaler for bibliotekstilsette som ønsker å læra meir om, eller bli betre i å formidle på nett. Her vert det innlegg der ressurspersonar deler eigne erfaringar, samt eit rom for å diskutere og reflektere innhaldet i kursa. Første samling er 16. mars 2021 kl. 09.00.
Nettkurset
23 ting om å formidle på nett (lenke opnast i ny fane) er eit nettkurs kor du blir kjent med rammeverk, ulike teknologiar og framgangsmåtar for å formidle på nett. Kurset er gratis, og kvar modul tek mellom 30 minuttar og 1 time å gjennomføre. Du kan sjølv velje dei modulane som er relevante for deg, då modulane ikkje er knytt opp mot kvarandre.
Målet med kurset
- Tilby innbyggjarane betre digital formidling av biblioteka sine tenester og tilbod.
- Utforske og lære om rammeverk som lover, universell utforming og kva god digital formidling er.
- Bli venn med teknologien og bli kjent med ulike eksemplar på digital formidling.
- Få erfaring og kunnskap om korleis ein treffer målgrupper.
- Motivere til å ta i bruk nye formidlingsmetodar
Digitale samlingar
Kvar samling startar med ei felles samling for heile landet. Her vil Viken fylkesbibliotek gje ein introduksjon til dei ulike modulane, samtidig som dei presenterer ulike ressurspersonar som deler av eigne erfaringar. Det vil vere ei digital samling for bibliotekstilsette i Møre og Romsdal rett etter kursa. Her vil du få anledning til å reflektere og diskutere innhalda i kurset saman med andre.
Første samling er 16. mars 2021, kl. 09.00, som varer i inntil 2 timar. Nettkurset bør vere gjennomført på førehand, men det er ikkje nødvendig å delta på (alle) samlingane for å ta nettkurset.
Samling 1 - Ting du bør vete
Tysdag 16. mars 2021 kl. 09.00-11.00
Ting 1-5
Samling 2 - Bli venn med teknologien
Tysdag 23. mars 2021 kl. 09.00-11.00
Ting 6-13
Samling 3 - Digitalt er sosialt
Tysdag 13. april 2021 kl. 09.00-11.00
Ting 14-18
Samling 4 - Korleis nå ut?
Tysdag 20. april kl. 09.00-11.00
Ting 19-21
Samling 5 - Open post
Tysdag 27. april 2021 kl. 09.00-11.00
Ting 22-23
Påmeldingsfrist
Det er påmeldingsfrist kl. 12.00 dag før samlinga starter, og e-post med lenke til digital samling vil bli sendt til dei som er påmelde.
Målet med kurset
- Tilby innbyggjarane betre digital formidling av biblioteka sine tenester og tilbod.
- Utforske og lære om rammeverk som lover, universell utforming og kva god digital formidling er.
- Bli venn med teknologien og bli kjent med ulike eksemplar på digital formidling.
- Få erfaring og kunnskap om korleis ein treffer målgrupper.
- Motivere til å ta i bruk nye formidlingsmetodar.
Bakgrunn
Kurset er utvikla og produsert av fylkesbiblioteka i Norge, Deichman og Bergen Offentlege Bibliotek. Viken fylkesbibliotek har hatt ansvar for å koordinere utviklingsarbeidet, og prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket
Kontakt
Kontakt arrangør: Møre og Romsdal fylkeskommune v/prosjektmedarbeidar og rådgivar Anne Askeland på e-post anne.askeland@mrfylke.no eller telefon 71 28 05 55.
Alle påmelde får e-post med program og lenkje til sendinga nokre dagar i forvegen.