Digitalt kurs om klima- og miljøarbeid for kultur- og idrettsaktørar
Digitalt
Formål:
Bidra til at aktørar på kultur- og idrettsfeltet jobbar meir målretta i arbeid med klima og miljø.
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til kurs om klima- og miljøarbeid for kultur- og idrettsaktørar den 22. november.
Kurset er gratis, og vil ha den same typen innhald som dei to fysiske kursa tidlegare i haust.
Påmeldingsfrist er 17. november.
Tid: Onsdag 22. november 2023
Stad: Teams. Lenke vil bli sendt ut i forkant av møtet til dei som har meldt seg på.
Innhald i kurset:
Kurset skal gi informasjon om verdien av at aktørar på kulturområdet gjer eit godt og bevisst klima- og miljøarbeid. Gjennom informasjon og gruppearbeid skal dei påmelde få meir kunnskap, inspirasjon og tips til korleis dei kan etablere og kontinuerleg arbeide med dette i drifta, arrangementet eller aktiviteten. Informasjon om Miljøfyrtårnsertifisering og felleskriterier for å oppnå sertifisering vil også bli gjennomgått. Det vil bli døme på kulturarrangørar som har oppnådd Miljøsertifisering, og det blir lagt opp til ei kort økt med erfaringsdeling.
Bidragsytarar er Stiftelsen Miljøfyrtårn, Statsforvaltaren, Moldejazz og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kven er målgruppa for kurset?
Lag, organisasjonar og institusjonar som får kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kommunar kan også melde seg på.
Som eit miljøfylke har fylkeskommunen knytt vilkår for kulturtilskot innanfor berekraft, og særskild med klima og miljø. Tilskotsmottakarar innanfor det breie kulturomgrepet som idrett, friluftsliv, kunst- og kulturformidling og helse må difor i rapporteringane også vise til arbeid med og medvit om dette.
Program 22. november:
10.00 - 10.05 | Velkomen v/Møre og Romsdal fylkeskommune |
10.05 - 10.20 | Statsforvalteren – Status natur og miljø |
10.20 - 10.40 | Stiftelsen Miljøfyrtårn – Om miljøsertifiseringsordningen |
10.40 - 10.50 | Pause |
10.50 - 11.10 | Moldejazz – Vårt miljøarbeid og det å være miljøfyrtårnsertifisert |
11.10 - 11.25 | Møre og Romsdal fylkeskommune – arbeid med klima og miljø i fylkeskommunen |
11.25 - 11.35 | Grønt veikart |
11.35 -11.55 | Dele erfaringar |
11.55 - 12.00 | Oppsummering |