Eit samfunn for alle – korleis kan vi medverke? Ei samling for kommunale medverknadsorgan

6/12 2023 12:00 - 7/12 12:00
Scandic Hotel Seilet, Molde
Skriv ut

Ungdomspanelet, eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne i Møre og Romsdal har inviterer til inspirasjons- og opplæringssamling for kommunale råd 6. og 7.desember i Molde, på  Scandic Seilet! Samlinga vert arrangert i samarbeid med KS og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Dei tre typane medverknadsorgan er forankra i same forskrift, og dei har same rolle i sine lokalsamfunn, nemleg å uttale seg på saker som angår deira målgruppe.

Over år har dei ulike råda etterlyst opplæring, og dette ønsker fylkesråda å gjere noko med. Det er ikkje tenkt at samlinga skal erstatte politikaropplæring i eigen kommune, men at den skal skape nettverksbygging og kompetanse mellom dei kommunale råda. Vi ønsker at så mange som mogleg er best rusta for medverknadsarbeid i neste periode, og at ein også kjenner dei andre medverknadsorgana i sin kommune.

For eldreråd og råd for personar med nedsett funksjonsevne så vil det vere nye medlemmer etter valet. Ungdomsråda har eit litt anna utnemningstidspunkt, men vi håper likevel at kommunane ønsker å prioritere denne samlinga, og at dei jobbar med å få med seg minst to frå kvart råd frå kvar kommune. I tillegg er samlinga aktuell for dei som jobbar med medverknadsorgan, og planleggarar. At kommunane prøver å få med minst to frå kvart råd, vil gjere at fylkeskommunen har føreseielegheit i arbeidet, sjølv om ein ikkje veit namna på kven som skal delta endå.

På plakaten står mellom anna KS sitt arbeid, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, BUFDIR, Senteret for eit aldersvennlig Norge, fylkeskommunen sine rådgjevarar vil gå igjennom rettleiarar for rådsarbeid, det vil verte Seniorgaming i samarbeid med seksjon for arkiv, bibliotek og museum, og det vert sett av mykje tid til dialog og gruppearbeid. Meir detaljert program kjem medio august.

Prisane for samlinga vert følgjande per person:

Middag: 495,-

Pris per dagpakke: 630,-, til saman 1260 kroner for begge dagar. (Middag og dagpakkar vert etterfakturert til kommunane og organisasjonane frå fylkeskommunen.)

Overnatting: 1160,- NB: Overnatting må ein bestille sjølv via Scandic sine heimesider, sjå meir informasjon i påmeldingsskjemaet. Overnattinga kan kostnadsfritt avbestillast innan 15.11.23, og ein er sjølv ansvarleg for å kontakte hotellet om dette. Overnattinga kjem slik ikkje på fakturaene som blir sendt ut i etterkant av konferansen frå fylkeskommunen. Vi har halde av alle HC-romma på Scandic Seilet til konferansen (8 stk), og ein må opplyse om behov for tilrettelagte rom i bestillinga til hotellet. Fylkeskommunen held elles av 100 rom fram til 31.10.23, og etter dette kan ein ikkje garantere overnatting, då romma blir lagt ut for ordinært sal.

Konferansesalen:

Bjørnsonsalen er lett tilgjengeleg med rullestol, og HC-toalett er tilgjengeleg rett utanfor salen. Bjørnsonsalen ligg kort veg frå hovudinngangen på Scandic Seilet. Vi vil også legge opp til middag i dette lokalet. Det vil verte runde bord med god avstand i mellom. Det vil verte lagt teleslynge i lokalet. Elles melder de inn behov for tilrettelegging i påmeldingsskjemaet.

Påmeldinga er bindande.

Påmeldingsskjemaet finn ein ved å følgje følgjande lenke: https://forms.office.com/e/uqDwC6m6c0.

Påmeldingsfrist er sett til 1.10.2023

Dokumenter

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.