Fagsamling i ABM-nettverk
Seksjon for ABM, Ålesund/Ålesund bibliotek
Fagsamling i ABM-nettverk: «Det litle i det store» - digital tilgang til lokalhistorie
MøreRom – kor går vegen vidare?
Seksjon for ABM-inviterer tilsette i arkiv, bibliotek og museumssektoren til nettverksmøte. Både arkiv, bibliotek og museum speler ei viktig rolle i innsamling, forvaltning og formidling av ulike formar av lokalhistorisk materiale. I Møre og Romsdal har det vore arbeidd med databasen MøreRom over fleire år, ei database som tilgjengeleggjer lokalhistorie som er publisert gjennom sogelaga i fylket. På denne fagsamlinga vil seksjon for ABM og IKA MR gi ei innføring i kva MøreRom er, status for arbeidet og korleis vi tenker å ta arbeidet vidare. Vi vil og ha dialog med dykk om korleis de ser at MøreRom kan styrke dykkar arbeid med lokalhistorie i eigen institusjon. Dette vil være eit viktig grunnlag for vidare arbeid med MøreRom.
Ein programpost er satt av til "open post" og vi ønsker at denne blir nytta av dykk. De kan fortelle om arbeid de meiner er relevant for nettverket, de løfte utfordringar og be om innspel, eller de kan dele idear til gode samhandlingsprosjekt for nettverket. Meld tema i skjema under og ta gjerne kontakt om de vil diskutere med oss i forkant. Vi prioriterer tema til møtet, og tek med oss øvrige tema til kommande møter.
Det blir servert lunsj under arrangementet, så hugs å melde frå om du har allergi.
Påmeldingsfrist måndag 2.mai