Folkehelse, idrett og friluftsliv - webinar 15.06.21

15/06 2021 09:00 - 15:15
Digitalt
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til webinar med tema innan folkehelse, idrett og friluftsliv

Webinaret blir delt i to, der første del vil handle om ulike tema retta mot planleggarar, folkehelsekoordinatorar, idretts- og kulturkonsulentar i kommunane, og andre offentleg tilsette. Her vil mellom anna Bjørn Aas frå Senter for idrettsanlegg og teknologi v/NTNU seie noko om utviklinga av kunstgrasbanar, og elles snakke om idrettsanlegg og berekraft meir generelt. 

Den andre delen, som startar etter lunsj, vil handle meir spesifikt om spelemidelordninga for idrettsanlegg og saksbehandling innanfor ordninga. Målgruppa her er først og fremst idretts- og kulturkonsulentar og andre som er knytt til spelemidelordninga i kommunane. Her vil mellom anna Kulturdepartementet seie noko om dei reviderte føresegnene for spelemidelordninga.

Sjå program og presentasjonar frå webinaret nedst på sida.

Målgruppe webinar del I: 
Kulturleiarar, rådgivarar/konsulentar idrett og friluftsliv, folkehelsekoordinatorar, planleggarar, andre offentleg tilsette og interesserte.

Målgruppe webinar del II: 
Rådgivarar/konsulentar idrett og friluftsliv, og andre med tilknyting til spelemidelordninga.

Dokumenter

Kontakt