Folkehelsewebinar 17. februar 2021
Teams
Under årets første folkehelsewebinar blir hovudforedraget halde av Ellen Strøm Synnevåg ved Høgskulen i Volda. Hennar doktorgradsarbeid, “Planning for Public Health. Balancing top-down and bottom-up approaches in Norwegian municipalities” vil bli presentert. Ho har undersøkt korleis tre kommunar bruker planleggingsprosessane og planleggingsstrukturane sine som verktøy for å legitimere det tverrsektorielle ansvaret og ambisjonane i folkehelselova.
Foredraget blir ei oppfølging frå webinaret som fylkeskommunen arrangerte den 15. desember i fjor, men du treng ikkje å ha delteke her for å ha utbytte av innlegget.
Det vil også bli sett av tid til å rele erfaringar, kome med innspel og diskuterer behovet for mindre regionale nettverk for folkehelsearbeidet i fylket.
Webinaret er gratis og har frist for påmelding 15. februar.
Sjå program nedst på sida for nærare informasjon.