FrivilligFORUM 2019

17/10 2019 10:00 - 18/10 15:00
Hotell Alexandra, Molde
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune og Frivillighet Norge inviterer til FrivilligFORUM 2019!

Tema: Kvifor ha ein frivilligpolitikk?

Om konferansen

For få eit godt lokalsamfunn, er ein heilt avhengig av frivillig arbeid. Det at kommunar har ein overordna politikk, plan, strategi eller liknande for frivillig sektor kan vere med på å auke innsatsen og å skape betre rammevilkår for frivillig innsats.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal utarbeide temaplan for frivilligheit i løpet av 2020. Vi ynskjer difor å invitere til inspirasjonssamling, der dialog og innspel kan bidra positivt til frivilligarbeidet i fylket. Målet er at dagane skal bidra til delt kunnskap, påfyll og i tillegg til å få gode verkty til vidare arbeid. Mot slutten av begge dagar, vil vi ha ei innspelsrunde, der deltakarane gir innspel til fylkeskommunen sin nye temaplan for frivilligheit.

Målgruppe

Samlinga vert delt i to dagar.

«Kommunedagen»: Torsdag 17.oktober vil vere for tilsette i kommunar som jobbar med frivilligheit, planlegging, rådmenn, ordførarar, politikarar. 

 «Frivilligdagen»: Fredag 18.oktober vil vere for regionale og lokale frivillige lag og organisasjonar, og institusjonar som får fast driftstilskot frå fylkeskommunen.

Program:

NB! Det kan kome endringar i programmet!

Konferansen vert delfinansiert med midler fra Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Frivillgforum er gratis og det blir servert lunsj.

Påmeldingsfrist: 1.oktober 2019

DAG 1, 17.oktober: Målgruppe: Tilsette i kommunar som jobbar med frivilligheit, planlegging, rådmenn, ordførarar, politikarar
10.00 Velkommen til FrivilligFORUM v/fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen
10.15 Frivillighet Norge – Samspel og samarbeid mellom frivillig og offentlig sektor ved Bjørn Lindstad
10.55 KS - Kvifor er ein kommunal frivilligheitspolitikk viktig for KS?
11.15 Møre og Romsdal fylkeskommune – Praktiske tips til god planlegging ved rådgjevar Synnøve Valle
11.45 Lunsj
12.45 Frivillig.no – Korleis kan kommunane legge til rette for økt rekruttering av frivillige v/organisasjonsrådgjevar Birgitte Heneide
13.15 Verksted for innspel - Møre og Romsdal fylkeskommune sin temaplan for frivilligheit
15:00 Avslutning og vel heim
DAG 2, 18.oktober: Målgruppe: Regionale og lokale frivillige lag og organisasjonar
10.00 Velkommen til FrivilligFORUM v/assisterande fylkeskultursjef Monica Kjøl Tornes
10.15 Frivillighet Norge - Samspill og samarbeid mellom frivillig og offentlig sektor ved Bjørn Lindstad
10.45 Frivillig.no – korleis kan lag og organisasjonar øke rekruttering av frivillige gjennom Frivillig.no? v/organisasjonsrådgiver Birgitte Heneide
Pause
11.30 Nordmøre og Romsdal fotballkrets – Kvalitetsklubbkonseptet - rigge ein god organisasjon (kvalitetsklubb som konsept er retningsgivande for utviklingsarbeid i klubbhverdagen)
12.00 Møre og Romsdal fylkeskommune – Kva har skjedd sidan sist? Og kva skal skje framover? Ved rådgjevar Anna Lianes
12.15 Lunsj
13.15 Verksted for innspel -Møre og Romsdal fylkeskommune sin temaplan for frivilligheit
15.00 Avslutning og vel heim
Påmeldingsskjema
Kommune, organisasjon, frivilligheit e.l.

Kontakt