FrivilligFORUM 4.–5. oktober 2021 i Ålesund

4/10 2021 17:00 - 5/10 15:00
Quality Hotel Waterfront
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til FrivilligFORUM i Ålesund 4.–5. oktober på Quality Hotel Waterfront.

Målgruppe

  • Frå kommunane: Rådgivarar for frivilligheit, kulturleiar, frivilligsentralar, politikarar
  • Frå frivilligheita: Regionledd, paraplyorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar i fylket
  • Driftstilskotsmottakararar frå fylkeskommunen som ikkje har eit regionalt ledd

Hovudtema

«Frivillighetens år 2022» og måla for frivillig sektor i «Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer for perioden 2021–2025»

Endeleg program er ikkje ferdig enda, og vil bli lagt ut her når alt er på plass.

2022 er frivillig sektor sitt år!

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere med på festen, og vi inviterer dykk til å vere med inn i planlegginga. Frivillig Norge har det nasjonale ansvaret for markeringa, og dei vil delta på forumet i oktober.

Vi planlegg å ha ei helg/veke i 2022 kor vi set frivillig sektor på agendaen i hele fylket. Vi har utfordra dykk til å tenke på kva vi kan finne på under desse dagane, og kva anna som kan skje i løpet av heile året. Har dykkar organisasjon/kommune komme opp med idear? Vi bruker tid på å finne dei gode ideane og saman legge ein plan for 2022.

Frivillig sektor i Kulturstrategien

Vi ønsker innspel på behov og tiltak på dei tre resultatmål for frivillig sektor i Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer for perioden 2021–2025 (følg denne lenka for å lese høyringsframlegget av fylkesstrategien).

Sist vi hadde samling utfordra vi dykk til å ta dette opp internt i dykkar organisasjonar/kommunar. På årets FrivilligFORUM skal vi ha verkstadar (workshop) der de får moglegheit til å være med å påverke frivillig sektor sitt arbeide i fylket vårt framover.

Dei tre resultatmåla er:

  1. Støtte tiltak og prosessar for å styrke frivillig sektor sitt arbeid med å rekruttere, utvikle og behalde dei frivillige 
  2. Støtte tiltak som stimulerer til mangfald og inkludering av grupper som i liten grad representert i det frivillige arbeidet 
  3. Systematisere og vidareutvikle samarbeid og kompetansedeling mellom aktørar i frivillig  sektor, kulturliv, kommune, offentlege aktørar og næringsliv 

I tillegg finn du òg tilskot og den digitale kvardagen i frivilligheita på agendaen.

Vi får besøk av Frivillig Norge og andre som vil gi inspirasjon i arbeidet vidare med frivilligheit i fylket vårt. Vær rask med å melde dykk på – dette skal bli bra!

Pris

Samlinga er dekt av fylkeskommunen. Kvar enkelt må betale reise til og frå Ålesund sjølv.

Overnatting

Vi har eit avgrensa tal på overnatting, men vi har moglegheit til å utvide dersom vi tidleg ser at det blir mange påmeldte. Så meld dykk på raskt!

Påmeldingsfrist

17. september

Utsett påmeldingsfrist! Ny frist: 23.09. Det er avgrensa tal på rom. Vi kan difor ikkje garantere overnattingsplass for dei som er påmeldt etter 17.09, men meld dykk på med overnatting om de treng, og så tek vi kontakt dersom det er fullt på hotellet.

Vi gjer merksam på at det er kort frist grunna booking av overnatting. Påmeldinga er bindande og det vil bli eit avbestillingsgebyr dersom du melder deg av etter påmeldingsfristen. Gebyret er på 600 kroner.

Det er mogleg å delta på heile eller berre delar av samlinga.

Kontakt