Fylkeseldrekonferansen 2019

29/10 2019 09:30 - 14:45
Scandic Hotel Alexandra, Molde
Skriv ut

Fylkeseldrerådet i Møre og Romsdal og Nasjonalforeningen for folkehelse i Møre og Romsdal, vil i år igjen invitere til fylkeseldrekonferanse!

Det overordna temaet i år er også å «leve heile livet», med ulike blikk på ulike fasar i livet. 

I tillegg til foredrag frå mellom anna Mina Gerhardsen, ny generalsekretær i Nasjonalforeningen for Folkehelse, skal vi få oppleve heile Astrid Overå si nye fortellarstund «Da e va lita». Til framsyninga kjem det ekstra publikum – nemleg born frå barnehagar i nærleiken!

Vel møtt!

Praktisk informasjon og prisar:

Konferansen kostar 470 kroner per person. Nytt av i år er at kvar enkelt skal betale dette på hotellet, på konferansedagen. Meir informasjon om dette vil kome anten før eller på sjølve dagen. Dei som skal ha overnatting skal betale denne sjølv ved utsjekk. Enkeltrom kostar 1000 kroner og dobbeltrom 1200 kroner per rom.

Det kan bli endringar i programmet. 

Frist for påmelding: 15. oktober

Foredragsholdere
Bilde av Arne Ruset i svart kvitt

Arne Ruset

Arne Ruset kjem frå Fjørå på Sunnmøre. Han bur i Molde, kor han har jobba mange år som psykiater. Han har i tillegg skrive bøker innanfor mange sjangarar, som mellom anna lyrikk, barnebøker, noveller og  ein roman. (Foto: Andre Løyning)

Bilde av Mina Gerhardsen

Mina Gerhardsen

Mina Gerhardsen er generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelse. Ho har mellom anna vore rådgjevar for generalsekretær Jonas Gahr Støre i Norges Røde Kors, ho har vore journalist, og vore både politisk rådgjevar og statssekretær. Ho har tidlegare også vore generalsekretær i Actis og vore kommunikasjonsdirektør i NORAD.  

Bilde av Brit Steinnes Krøvel

Brit Steinnes Krøvel

Brit Steinnes Krøvel er leiar for Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal.  Ho er sjukepleiar med master i samfunnsplanlegging og leiing, og har vidareutdanning i tverrfagleg rehabilitering, prosjekleiing og tenestedesign. Ho har erfaring frå mellom anna heimetenesten, rehabiliteringsavdeling, utprøving av velferdsteknologi, med meir.

Bilde av Astrid Overå

Astrid Overå

Astrid Overå er for dei fleste kjent frå teatermiljøet. Til fylkeseldrekonferansen kjem ho med den nye forfattarstunda «Da e va lita». Da e va lita er ei framsyning av og med Astrid Overaa, som fortel og syng om korleis det var å vere liten før - i «gamle dager».  

Da e va lita va byen våra litt annerledes. Vi sang andre sanga og leika andre leika. På lørdagskvelden hadd vi ikkje vi taco eller pizza, men mi mamma laga goe skive med fiskepudding og majones-smilefjes på. Så hørte vi på Barnetimen på radio.

Da e va lita gikk tia litt saktere. Eller gjor den de?

Her finn du programmet

Programleiar for dagen: Anna Lianes

09.30 Innskriving og kaffi
10.00 Velkommen v/ fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen
10.10 Arne Ruset, forfattar og tidlegare psykiater: «Utgått på dato – Måtar å møte våre aldrande år»
10.40 Pause
10.50 Mina Gerhardsen, Generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelse: «Et aldersvennlig Norge»
11.30 Brit Steinnes Krøvel, Ålesund kommune: «Fra parter til partnerskap, samskaping av tjenester»
12.00 Lunsj
13.00 Astrid Overå vil framføre heile den nye framsyninga si «Da e va lita», produsert av Teatret Vårt. Saman med oss i publikum vil det kome ei gruppe barnehageborn frå barnehagar i nærleiken.
13.35 Pause
13.45 Ole Helge Haugen, fylkesplansjef: «Presentasjon av fylkesstatistikk 2019»
14.15 Hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal: Tilrettelegging for alderdom i eigen bustad.
14.45 Avslutning og vel heim

Kontakt