Fylkeskulturkonferanse 4. november i Kristiansund
Kulturfabrikken, Kristiansund
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til årets fylkeskulturkonferanse. I år arrangerer vi tre fysiske konferanser, i Ålesund, Kristiansund og Molde.
Kva betyr kulturen i FN sine berekraftsmål?
Ei berekraftig utvikling består som regel av tre dimensjonar – miljø, økonomi og sosiale forhold. Kulturfeltet kan spele ei viktig rolle innanfor miljødimensjonen og vil vere ei tydeleg stemme i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Ombruk av bygningar og kulturarv er eit av fleire eksempel på sirkulærøkonomi i praksis. Kultur og kulturmiljø kan bidra til å skape attraktive tettstadar og nærmiljø, i tillegg til å bidra til reduksjon av klimagassutslepp.
Den første av totalt tre fylkeskulturkonferansar i haust vil ha særleg merksemd på miljødimensjonen. Konferansen vil ta utgangspunkt i lokale og regionale aktørar som vil inspirere og formidle metodikk og visjonar frå sine verksemder.
Mellom anna vil det vere innlegg om miljøperspektivet ved ombruk av bygningar ved seniorrådgivar Aase Hogfeldt-Eskevik hos Riksantikvaren. Du vil òg få høyre om korleis ei nyoppstarta venneforeining arbeider med revitalisering av eit nedlagt støyperi som kulturarena.
Kunstnar Siri Skjerve gir eit innblikk i bruken av naturmaterialar i kunstproduksjon, med utgangspunkt i sin eigen praksis. Skjerve bur og jobbar i Todalen, og nyttar tradisjonelt tilarbeidd skinn i arbeida sine.
Liv Berit Bach, leiar for marknad og kommunikasjon ved Kristiansund Ballklubb (KBK), vil presentere Action Now og vise korleis KBK tar eit samfunnsansvar og sett fokus på berekraft. Seksjon for berekraftig samfunnsutvikling i fylkeskommunen vil snakke om korleis fylkeskommunen jobbar med berekraft.
Vidare vil Stiftinga Geirangerfjord verdsarv synleggjere korleis dei jobbar med ulike dimensjonar av berekraft og korleis dette er avgjerande for deira breie forankring og suksess. Her har miljødimensjonen lenge hatt fokus grunna store utfordringar med cruisetrafikken. No krev samarbeidspartar og lokalsamfunn eit breiare perspektiv på berekraft som også sikrar levande lokalsamfunn og utvikling i andre sektorar. Stiftinga arbeidar målretta med dette og vil dele arbeidet sitt med publikum. Les meir på om Norsk fjordsenter på nettsida deira (lenke opnast i ny fane).
Vel møtt til ein lærerik og inspirerande dag.
Programmet finn du nedst på sida i PDF-format.
Meld deg på i skjema under. Konferansen er gratis. Påmeldingsfrist er 27. oktober.
Vi tek atterhald om endringar i program.