Fylkeskulturkonferanse 9. november i Ålesund
Terminalen Ålesund
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til årets fylkeskulturkonferanse. I år arrangerer vi tre fysiske konferanser, i Ålesund, Kristiansund og Molde.
Kva betyr kulturen i FN sine berekraftsmål?
Berekraftsmåla til FN handlar om å balansere alle omsyn som må takast når ein skal skape gode samfunn for alle – i notid og i framtid. Kulturell og kreativ næring kan bidra med lokal og regional sysselsetting, både direkte og indirekte gjennom ringverknader til andre næringar. Slik er også økonomi eit viktig element i berekraftsmåla og dette vil vi belyse gjennom den andre fylkeskulturkonferansen i haust.
Ålesund er ein smartby og del av FN sitt program for smarte og berkraftige byar. Gjennom Framtidslaben skapast det eit breitt nettverk kor blant anna regionale kulturaktørar inngår og jobbar på lag med andre aktørar for å oppnå FN sine berekraftsmål. Gjennom fylkeskulturkonferansen i Ålesund vil vi belyse fleire av kulturaktørane i vår region som tek del i nettverket og korleis dei jobbar for økonomisk berekraft.
The North West er eit nettverk og ein konferanse som er ein viktig del av Framtidslaben sitt arbeid. The North West samlar mange relevevante aktørar for regional samfunnsutvikling, seinast i september i år. Leiaren av The North West, Gjermund Kvernmo Langset, kjem for å fortelle om kulturen si rolle i dette arbeidet.
Momentium er ein sentral kultur og næringslivsaktør i regionen. Grunnleggar Ante Giskeødegaard vil delta for å dela korleis dei jobbar med verdiskaping innan kulturell og kreativ næring.
Ålesund fotballklubb (Aafk) er del av kulturlivet i regionen og administrerande direktør i Aafk, Geir S. Vik, kjem for å fortelje om Aafk Samfunn og korleis dei ønsker å være ein drivkraft for økonomisk berekraft i regional næringsliv gjennom sitt samarbeid med Framtidslaben, Action Now.
Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv deltek på alle tre konferansane. Deira tilnærming vil synleggjere korleis dei jobbar med fleire dimensjonar av berekraft og korleis dette er avgjerande for deira breie forankring og suksess. Miljødimensjonen har lenge hatt fokus grunna reelle, store utfordringar med cruisetrafikken. No melder samarbeidspartar og lokalsamfunn behov for eit breiare perspektiv på berekraft som også sikrer levande lokalsamfunn og utvikling i andre sektorar. Stiftinga jobbar målretta med dette, og vil dele arbeidet med publikum. Les meir på om Norsk fjordsenter på nettsida deira (lenke opnast i ny fane).
Programmet ligg i pdf nedst på sida.
Vi tek atterhald om endringar i programrekkefølga.
Meld deg på i skjema under. Påmeldingsfrist er 2. november.