Fylkeskulturkonferansen 2022

4/12 2022 00:00 - 5/12 23:00
Molde
Skriv ut

«Den store frivilligfesten» - Fylkeskulturkonferansen 2022 – med frivilligheita inn i framtida! 

I Frivilligheita sitt år 2022, markerer fylkeskommunen frivilligheita i fylket vårt med fest to dagar til ende! Konferansen vil gå over to dagar, søndag fjerde desember og måndag femte desember. 

Søndag er valt for at flest mogleg frivillige kan vere med desse dagane. Søndagen vil vere for spesielt inviterte frå kommunar og frivillige organisasjonar. Vi vil synleggjere breidda av frivillige lag og organisasjonar i fylket vårt denne dagen, og kvar enkelt kommune vil få moglegheit til å invitere med seg inntil fire personar frå det frivillige miljøet i sin heimkommune. Eige påmeldingsskjema er sendt til kommunar på e-post. Dersom ikkje plassane blir fylt opp av inviterte frå kommunar og frivilligheit vil vi legge ut restplassar til søndagen.  

Under festmiddagen på kvelden vil vi offentleggjere kven som blir vinnar av «Frivilligprisen 2022». Prisen vil berre bli delt ut i 2022, og vi håper alle kommunar vil sende inn nominasjon. Prisen skal gå til ein person som har gjort ein spesiell innsats for frivilligheita i sin heimkommune, vilkår og nomineringsskjema ligg nedst på sida.  

Måndag vert det fagkonferanse som er open for alle som vil melde seg på. Påmeldingsskjema for  måndagen finn ein på denne lenka: https://forms.office.com/r/rSkRTiV8aG (Dei som har fått utsendt invitasjon brukar lenka i invitasjonen.)  

 

Rammeprogram 

Søndag 04.12: 

Kl. 12.00-16.00      Frivilligheita sin inspirasjonskonferanse! 

Kl. 17.00- 20.00     Festmiddag for frivilligheita – med kåring av mottakar av Frivilligprisen! 

Måndag 05.12  

Kl. 09-16.00 Fagkonferanse for tilsette i kommunar/politikarar og frivillige, organisasjonar/aktørar som har med frivillige å gjere  

Tema vil vere:  
  • Korleis ser frivilligheita i fylket ut? Og korleis vil den sjå ut i framtida? 
  • Berekraft i frivillig sektor 
  • RUB: Rekruttere, utvikle og behalde de frivillige 
  • Nytta av frivilligpolitikk i kommunar 

Dokumenter

Kontakt