IBBYS-seminar via strøyming

3/11 2020 09:30 - 15:00
Seminaret blir strøyma frå Insperia i Sarpsborg i regi av Viken fylkesbibliotek
Skriv ut

Ein presentasjon av barne- og ungdomsbøker gitt ut i 2020

 

Hald deg oppdatert på ny barne- og ungdomslitteratur

 

På seminaret møter vi engasjerte forelesarar frå IBBY Norsk Barnebokforum, som vil presentere årets barne- og ungdomsbøker.

Målgruppe for seminaret er lærarar, bibliotektilsette og tilsette i barnehage, men det også ope for andre interesserte.

 

Program

 

09.30 Velkomen med praktisk info

09.40 Biletbøker | Nina Nordal Rønne

10.55 Barnebøker | Siri Larsen

11.55 Lunsj

12.40 Fagbøker | Siri Larsen

13.55 Ungdomsbøker | Lise Forfang Grimnes

15.00 Takk for i dag

 

Deltakaravgifta er kr 300.

Strøymelenke blir sendt til deltakarane i god tid.

Påmeldingsfrist: Måndag 26. oktober

Foredragsholdere

Nina Nordal Rønne

 

Nina er illustratør og forfattar, med bakgrunn i animasjon frå Høgskulen i Volda, og ein cand.mag. grad i idéhistorie og medium og kommunikasjon frå Universitetet i Oslo. I 2014 debuterte ho med biletboka «Tiloversmari», og i 2017 kom ho med si andre biletbok «Grå» (Magikon forlag). Nina har også fleire års arbeidserfaring frå bokhandel.

Foto: Privat

Siri Larsen

 

Siri Larsen er bibliotekar. Ho har i tillegg barne- og ungdomslitteratur frå Universitetet i Agder og nettstudiar i samtidslitteratur for barn- og ungdom ved Norsk barnebokinstitutt. Siri jobbar som bibliotekar på Deichman, melder sporadisk for Barnebokkritikk.no, og har halde foredrag for barnehagetilsette og foreldre i ulike barnehagar om betydninga av å lese høgt for barn.

Foto: Drifa Gudmundsdottir

Lise Forfang Grimnes

Lise er forfattar og forteljar. Ho er frå Oslo, men bur i Nannestad. Sidan 2003 har ho reist med framsyningar i Den kulturelle skolesekken og vore kurshalder i ulike prosjekt for ungdom. Ho debuterte som forfattar i 2014 med romanen «Kaoshjerte» (Aschehoug). Oppfølgaren «Blodskraft» kom i 2016. Grimnes har ein master i pedagogikk frå Universitetet i Oslo. Denne omhandlar munnleg forteljing i ungdomsskolen. Tidligare var ho namnet bak bloggen Knirk, som lenge heldt koken som ein av dei mest lesne bokbloggane i Noreg. Ho les jamt mykje, og er ein engasjert forkjempar for ungdomsboka.

Foto: Anja Ivanowitz

Påmeldingsskjema

Kontakt