Konferanse for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne

24/02 2020 11:00 - 25/02 13:00
Waterfront Ålesund
Skriv ut

Fylkesrådet for personar med nedsett funksjonsevne inviterer til konferanse for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne.

Vel møtt til konferanse og inspirasjonssamling for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne i Ålesund 24. og 25 februar! Samlinga vil verte frå lunsj til lunsj på Waterfront i Ålesund.

Målgruppe: Medlemmer i kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne, sekretærar for råda, ordførarar, politikarar og andre som er involvert i rådsarbeidet.

De har tidlegare fått ein e-post frå meg om spørsmål om når de skulle konstituere råd i dykkar kommune, og tilbakemeldingane frå dykk viser at råda er på plass til desse datoane.

Vi set påmeldingsfristen til 14.februar. Etter 26.januar, er det avgrensa med hotellrom. Fylkeskommunen held av fem ekstra rom fram til 7.februar. Ta kontakt med anna.lianes@mrfylke.no, eller 992 98 395 for å høyre om overnatting, så prøver vi å finne ei løysing.

Prisane for konferansen står i påmeldingsskjemaet. Alle må betale for seg sjølve på hotellet, det vert ikkje sendt faktura frå hotellet eller fylkeskommunen i etterkant.

Det detaljerte programmet finn de nedanfor. Bufdir (Barne, ungdoms- og famliedirektoraktet) vil mellom anna kome og snakke om den nye rettleiaren for rådsarbeid, Norske konsertarrangørar vil snakke om tilgjenge på kulturarenaar og korleis råda kan påverke dette gjennom sitt arbeid, og Møre og Romsdal idrettskrets vil snakke om erfaringar med paraidrettskurs, Pårørandekoordinator i Ålesund kommune vil snakke om arbeidet i Ålesund kommune, og Helseplattformen vil orientere. I tillegg er samlinga tenkt som erfaringsutveksling mellom kommunar, og gamle og nye rådsmedlemmer.

Vi vonar at så mange som mogleg har lyst til å vere med desse to dagane! Middagen på kvelden er open for alle dersom ein ynskjer, sjølv om ein ikkje overnattar på hotellet.

 Berre ta kontakt om de har spørsmål.

 

Førebels program 25. februar

Tidsplan dag 2:

Programleiarar: Siv Katrin Ulla og Leif Elde

09:00 -10:00 Merete Brungot Kløvning – Pårørandekoordinator i Ålesund kommune. Om arbeidet i Ålesund kommune, kommunen sin pårørandestrategi, pårøranderettleiaren og det å vere pårørande, også som barn.
10:00 - 10:30 Pause
10:30 -11:30 Helseplattformen - https://helse-midt.no/vart-oppdrag/prosjekter/ehelse/helseplattformen
11:30 -11:45 Avslutning
Førebels program 24. februar

Tidsplan dag 1:

Programleiarar: Siv Katrin Ulla og Leif Elde

12:00 -13:00 Lunsj
13:00 -13:15 Opning ved leiar i kultur og folkehelseutvalet – Marit Nerås Krogsæter
13:15 -14:00 Om konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne / Regjeringa sin strategi for likestilling av personar med nedsett funksjonsevne 2020-2030 og Regjeringens handlingsplan for likestilling av personer med funksjonsnedsettelse v/Anna Bjørshol og Kristine Vierli - Bufdir (Barne, ungdoms og familiedirektoraktet)
14:00 -14:30 Pause
14:30 -15:30 Rettleiing i å drive kommunalt råd pluss gruppearbeid v/Anders Eriksen, Bufdir
15:30 -16:00 Pause
16:00 -16:30 Erfaringar frå kurs i tilrettelegging for paraidrettskurs - Møre og Romsdal idrettskrets
16:30 -17:00 Tilgjenge på kulturarrangement - Norske konsertarrangører
17:00 -17:20 Frivilligplan for Møre og Romsdal – Anna Lianes
19:00 Middag
Påmeldingsskjema
Prisar:
Overnatting: 1055,- kroner for enkeltrom.
Dagpakke: 595,- kroner per dag
Treretters middag på kvelden: 499,- kroner

Totalpris for begge dagar, inkludert middag på kvelden: 2744,- kroner
Alle skal betale for seg sjølv på hotellet, også dei som berre deltek på dagtid, fylkeskommunen eller hotellet etterfakturerer ikkje opphald.
Etter 26.januar, er det avgrensa med hotellrom. Fylkeskommunen held av fem ekstra rom fram til 7.februar. Ta kontakt med anna.lianes@mrfylke.no, eller 992 98 395 for å høyre om overnatting, så prøver vi å finne ei løysing. Påmeldingsfrist for konferansen er 14.februar.
NB: For dei råda som ikkje er konstituerte innan utgangen av januar, skal vi halde av rom, berre skriv det i påmeldinga. For resten som ynskjer overnatting ber vi om at ein melder seg på snarast råd.

Eg vil delta på konferansen for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne 24.-25 februar på Waterfront hotel i Ålesund

Kontakt