Kulturtankens årskonferanse i Kristiansund

16/03 2022 14:00 - 18/03 16:00
Kristiansund
Skriv ut

Velkommen til Kulturtanken sin årskonferanse i 2022!

Kulturtanken, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristiansund kommune inviterer til nasjonal konferanse om kunst og kultur for, med  og av barn og unge.

Kunst og kultur set farge på liva til barn og unge. Korleis kan DKS og andre offentlege kunst- og kulturtilbod treffe dei betre og tilby meir relevant innhald?

Korleis kan vi møte konkurransen om merksemd frå dei digitale kommersielle tilboda barn og unge flokkar seg rundt? Og korleis kan vi i større grad bidra til at kunst- og kulturtilbodet til barn og unge er prega av medverknad, berekraft og mangfald?

Kulturtankens årskonferanse 2022 handlar om spriket mellom kva unge menneske vil ha og kva vi tilbyr dei. Kven er dagens unge? Kva interesserer dei? Kva draumar dei om? Og kva for plass har kunst og kultur i alt dette?

Det håper vi alle skal bli litt klokare på etter tre dagar med konferanse i Kristiansund.

 

Kontakt