Kurs i Tilgjengelighetsmerket

6/11 2019 10:00 - 13:00
Fylkeshuset i Møre og Romsdal, Rom 101.
Skriv ut

Legg til rette for at flest mogleg kan delta – ver med på kurs i Tilgjengelighetsmerket!

Til kulturarrangørar og kulturorganisasjonar i Møre og Romsdal!

Onsdag 6.november inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune og  Norske kulturarrangører (NKA) til kurs i Tilgjengelighetsmerket.

Det blir servert baguettar. 

Kva er Tilgjengelighetsmerket?

Tilgjengelighetsmerket er ei sertifisering for kulturarrangørar som har god tilgjengelighet for menneske med nedsett funksjonsevne på sine arrangement.

Merket skal

  • Betre tilgjenge på kulturarenaer for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Gjere tilgjengeleg relevant informasjon for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Synleggjere kulturarrangørar som har god tilrettelegging for menneske med nedsett funksjonsevne.

Kven kan få Tilgjenglighetsmerket, og kven er målgruppa for kurset?

Tilgjenglighetsmerket passar for alle kulturarrangørar, anten ein er stor eller liten, festival eller heilårsarrangør.

Organisasjonar som leier lokale, bør invitere med seg utleigar eller den som har ansvaret for utforming av lokala.

Alle som ønsker å få Tilgjengelighetsmerket må gjennomføre opplæring i form av kurs frå Norske konsertarrangørar. Møre og Romsdal fylkeskommune ynskjer å samle kulturarrangørar i fylket til å delta på kurs.

NB: Tilgjengelighetsmerket er per no ikkje tilgjengeleg for idretts- og friluftslivsorganisasjonar.

Fylkeskommunen vil prioritere søkjarar med Tilgjengelighetsmerket

I retningslinene for kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil det frå 2020 stå at organisasjonar med Tilgjengelighetsmerket vert prioritert føre dei som ikkje har det. Dette gjeld for dei organisasjonane som har moglegheit til å få merket. Det vil seie at dersom ein av søkjarane har merket, og søknadane er like gode, vil denne søknaden gå framfor.

Korleis får ein, og kva kostar det å få Tilgjengelighetsmerket?

Kurset i Molde er gratis, men når kurset er ferdig får ein utdelt eit skjema kor ein kryssar av om ein ynskjer å få Tilgjengelighetsmerket. Dersom ein ynskjer det må følgjande gjennomførast:

  • Arrangør utarbeidar handlingsplan med tiltak for betre tilgjenge
  • Arrangør utarbeidar tilgjengelighetsinformasjon på heimesida

Kvar enkelt vil få oppfølging av kurshaldaren i dei to tiltaka.

Dersom ein ikkje er medlem i Norske konsertarrangører (NKA), vil det  koste 3000 kroner for organisasjonen å bli sertifisert . For medlemmer er prisen 1500 kroner.

NB: Desse prisane gjeld berre om ein har vore med på kurset i fylkeskommunal regi. Dersom ein ynskjer å leige inn NKA til kursing i eigen organisasjon, gjeld andre prisar. 

 

Påmeldingsskjema

Kontakt