Kurs: Korleis leie ein forfattarsamtale?
Molde fjordhotell, Julsundvegen 6, Molde
Kompetansehevande kurs i å leie ein forfattarsamtale
Er du interessert i å lære meir om korleis du kan leie ein forfattarsamtale for publikum? Vi inviterer til kurs i Molde med kurshaldar Linn T. Sunne, seniorrådgivar ved Innlandet fylkesbibliotek, forfattar, litteraturformidlar og litteraturkritikar.
Dette er eit kompetansehevande tiltak først og fremst for bibliotektilsette i Møre og Romsdal. Alle som driv med litteraturformidling er velkomne til å melde seg på. Blir det stor pågang vil bibliotektilsette bli prioriterte.
Kurset er gratis og inkl. enkel lunsj. Det er 25 plassar på kurset og du melder deg på i påmeldingsskjema nedst på sida.
Påmeldingsfrist er måndag 25. september 2023.
Samling i litteraturformidlingsnettverket og arrangement
Etter kurset inviterer vi til samling i litteraturformidlingsnettverket i Møre og Romsdal, og seinare kan vi slå følge på litteraturarrangementet «Vikingtiden på 200 sider» i regi av Litteraturhus i Møre og Romsdal med Molde bibliotek som lokal arrangør. Om det er fleire som ønsker det, kan vi reservere bord for felles middag mellom nettverkssamlinga og litteraturarrangementet.
Etter kurset blir tidsplanen då slik:
Samling i litteraturformidlingsnettverket i Møre og Romsdal
Kl. 16.00–18.00
Påmelding på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside innan 28. september.
Felles middag
Kl. 18.00–19.30
Alle betalar for mat og drikke sjølve
Vikingtiden på 200 sider
Kl. 20.00
med Jan Ove Egeberg, forfattar og tidlegare TV2-journalist
På Storyville, Plassen 4. etasje
Hent gratis billettar til "Vikingtiden på 200 sider" på hoopla.no (lenke blir opna i ny fane)