Kurs om klima- og miljøarbeid for kultur- og idrettsaktørar
26/09 2023 i Molde
Formål:
Hjelpe aktørar på kultur- og idrettsfeltet til å jobbe meir målretta i arbeid med klima og miljø.
Tysdag 26. september inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til kurs om klima- og miljøarbeid for kultur- og idrettsaktørar. (Det planlagte kurset for 27.september er avlyst.)
Kurset er gratis, og det vil bli servert lunsj.
Påmeldingsfrist er 19.september. Avgrensa tal på plassar.
Kurs | |
Tid: | Tysdag 26.september kl. 10:30 - 14:30 |
Stad: | Scandic Alexandra, Molde |
Innhald i kurset
Kurset skal gi informasjon om verdien av at også aktørar på kulturområdet gjer eit godt og bevisst klima- og miljøarbeid. Gjennom informasjon og gruppearbeid skal dei påmelde få meir kunnskap, inspirasjon og tips til korleis dei kan etablere og kontinuerleg arbeide med dette i drifta, arrangementet eller aktiviteten. Informasjon om Miljøfyrtårnsertifisering og nokre aktuelle kriteriesett for å oppnå sertifisering vil også bli gjennomgått. Det vil bli døme på kulturarrangørar som har oppnådd Miljøsertifisering, og gruppearbeidet vil gi deling og refleksjonar.
Bidragsytarar er Stiftelsen Miljøfyrtårn, Statsforvaltaren, Moldejazz og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kven er målgruppa for kurset?
Lag, organisasjonar og institusjonar som får kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kommunar kan også melde seg på.
Som eit miljøfylke har fylkeskommunen knytt vilkår for kulturtilskot innanfor berekraft, og særskild med klima og miljø. Tilskotsmottakarar innanfor det breie kulturomgrepet som idrett, friluftsliv, kunst- og kulturformidling og helse må difor i rapporteringane også vise til arbeid med og medvit om dette.
10:30 | Velkomen - Møre og Romsdal fylkeskommune |
10:40 - 11:00 | Status for klima- og miljøsituasjonen - Statsforvaltaren v/Anne Melbø, klimakoordinator miljøvernavdelinga |
11:00 - 11:30 | Om miljøfyrtårnordninga og -sertifisering - Stiftelsen Miljøfyrtårn v/Renate Lindmark |
11:30 - 12:00 | Korleis jobbar min organisasjon med ytre miljø? Kva kan vi bli betre på? Kva treng vi hjelp til? Erfaringsutveksling - Gruppearbeid |
12:00 - 12:45 | Lunsj |
12:45 - 13:00 | Oppsummering/presentasjon gruppearbeid |
13:00 - 13:30 | Råd om kva organisasjonar bør jobbe med innan klima og miljø - Stiftelsen Miljøfyrtårn v/Renate Lindmark |
13:30 - 14:00 | Arbeid med klima og miljø i fylkeskommunen - Møre og Romsdal fylkeskommune v/Ingeborg Simonsen (klima- og miljøkoordinator) og Martin Hauge (miljøfyrtårnkoordinator) |
14:00 - 14:20 | Eksempel: Hva det innebærer for oss å være miljøfyrtårnsertifisert - Moldejazz v/Endre Volden, dagleg leiar |
14:20 - 14:30 | Oppsummering og vel hjem - Møre og Romsdal fylkeskommune |