Leseleiarkurs Shared reading

28/01 2020 00:00 - 25/03 00:00
Kristiansund, Volda og Molde
Skriv ut

Kristiansund         28.–30. januar. Framleis ledige plassar

Volda                    12.–14. februar. Kurset er fullteikna

Molde                    Kurset i Molde er utsett til hausten 2020

Kl. 10–17 alle kursdagane.

Opplysningar om kurslokale kjem.

Litterære pusterom – Shared reading for større livskvalitet

I 2020 blir det arrangert tre leseleiarkurs i Møre og Romsdal i regi av prosjektet «Litterære pusterom – Shared reading for større livskvalitet», som fylkesbiblioteka i Trøndelag og Møre og Romsdal står bak. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen SMN.

I løpet av kurset vil du mellom anna få lære om:

  • kva som kjenneteiknar Shared reading-metoden, og bakgrunnen for metoden
  • val og førebuing av tekst
  • høgtlesinga; funksjon og teknikkar
  • korleis bli bevisst rolla di som leseleiar og gruppeleiar
  • korleis kome i gang med grupper
  • om prosjektet "Litterære pusterom – Shared reading for større livskvalitet" og om oppfølging etter kurset

Du kjem til å få oppleve Shared reading i praksis og gjere øvingar og oppgåver som førebur deg på rolla som leseleiar.

Kva er Shared reading?

Shared reading er høgtlesing av litteratur i ei gruppe, med ein samtale etterpå leia av gruppeleiaren. Det handlar om gleda ved å lese, og gleda ved å dele opplevinga av ein tekst i fellesskap.

Les meir om prosjektet "Litterære pusterom - Shared reading for større livskvalitet" og ein artikkel om Shared reading på Litteraturbloggen til Deichman.

 

Kven er leseleiarkurset for?

Kurset er for alle som er glade i litteratur og er opptekne av vekst for menneske. Kurset er ope for bibliotekarar, litteraturinteressert helsepersonell og frivillige. Vi ønsker å rekruttere kursdeltakarar som vil halde Shared reading-lesestunder etter kurset. Målet er at det skal bli oppretta faste tilbod om Shared reading i heile Møre og Romsdal og Trøndelag, i løpet av ein 3-årig prosjektperiode.

Påmelding

Du søker om å få delta på kurset ved å fylle ut påmeldingsskjemaet. Kvart kurs har plass til 12 deltakarar. Skriv litt om kvifor du ønsker å delta i kommentarfeltet, så vil vi ta kontakt, og fordele plassane så godt vi kan.

Påmeldingsfrist

Tysdag 21. januar. Dersom det då framleis er ledige plassar på kursa i februar og mars, vil fristen bli utvida.

Pris

Kurset er gratis. Overnatting og reiseutgifter ved billigaste reisemåte blir dekte for deltakere frå Møre og Romsdal.

Vårt ønske er at det etter kursdeltakinga blir starta opp tilbod om Shared reading / Litterære pusterom i Møre og Romsdal.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Åshild Widerøe eller Kari Hortman

Kontakt