Litterære pusterom – Shared reading for større livskvalitet

1/11 2019 10:00 - 3/11 17:00
Hotel Brosundet, Ålesund
Skriv ut

I løpet av kurset vil du mellom anna få lære om:

  • kva som kjenneteiknar Shared reading-metoden, og bakgrunnen for metoden
  • val og førebuing av tekst
  • høgtlesinga; funksjon og teknikkar
  • korleis bli bevisst rolla di som leseleiar og gruppeleiar
  • korleis kome i gang med grupper
  • om prosjektet "Litterære pusterom – Shared reading for større livskvalitet" og om oppfølging etter kurset

Du kjem til å få oppleve Shared reading i praksis og gjere øvingar og oppgåver som førebur deg på rolla som leseleiar.

Kva er Shared reading?

Shared reading er høgtlesing av litteratur i ei gruppe, med ein samtale etterpå leia av gruppeleiaren. Det handlar om gleda ved å lese, og gleda ved å dele opplevinga av ein tekst i fellesskap.

Les meir om prosjektet "Litterære pusterom - Shared reading for større livskvalitet" og ein artikkel om Shared reading på Litteraturbloggen til Deichman.

Kven er kurset for?

Kurset er for alle som er glade i litteratur og er opptekne av vekst for menneske. Kurset er ope for bibliotekarar, litteraturinteressert helsepersonell og frivillige. Vi ønsker å rekruttere kursdeltakarar som vil halde Shared reading-lesestunder etter kurset. Målet er at det skal bli oppretta faste tilbod om Shared reading i heile Møre og Romsdal og Trøndelag, i løpet av ein 3-årig prosjektperiode.

Du søker om å få delta på kurset ved å fylle ut påmeldingsskjemaet. Skriv litt om kvifor du ønsker å delta i kommentarfeltet, så vil vi ta kontakt, og fordele dei 12 plassane så godt vi kan.

Pris

Kurset er gratis. Overnatting og reiseutgifter blir dekte. 

Påmeldingsfrist

Torsdag 17. oktober

Vårt ønske med kurset er at det etter deltakinga blir starta opp tilbod om Shared reading / Litterære pusterom i Møre og Romsdal. 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med Åshild Widerøe eller Kari Hortman

Kontakt