Ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga
Digitalt
Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til digitalt seminar. Hovudposten på seminaret vil vere ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga – informasjon om prosess og endringar. I tillegg vil vi informere om tilskotsordningar og gi deg nyttig informasjon og gode tips på korleis du bruker vårt søkesystem Regionalforvaltning.no.
Seminaret er for både nye søkarar og tidlegare tilskotsmottakarar.
Tilskotsmidlane på kulturområdet er dei viktigaste verkemidla for å oppfylle prioriteringane og nå målsettingane i fylkesplan på kulturområdet. Midlane skal legge til rette for eit velutvikla mangfald av kulturtilbod i heile fylket.
Ordningar du kan søke i haust er:
- Eittårig driftstilskot – Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement
- Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur
- Møremusikarordninga – Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar
- Tilskot til større idrettsarrangement
- Brannsikring av tette trehusområde
- Bygningar og anlegg i verdsarvområdet
- Fartøyvern
- Freda kulturminne i privat eige
- Freda middelalderhus i privat eige - frå før 1537
- Regionale kulturminne og kulturmiljø
- Tekniske og industrielle kulturminne
Årets program vil mellom anna handle om
- Ny og forbetra tilskotsforvaltning i kulturavdelinga
- Våre tilskotsordningar i 2024 og 2025
- Slik søker du i tilskotssystem - Regionalforvaltning og Digisak
- Kort informasjon om nytt system for søknader
Dersom du har spørsmål du lurer på knytt til Regionalforvaltning kan du skrive det inn i boksen under, så kan vi svare det ut i seminaret.
Seminaret er digitalt og blir tatt opp. Følg denne lenka for å sjå opptak av seminaret.
Alle påmeldte vil den 20. september få møteinvitasjon med lenke for digital deltaking. Påmeldingsfrist: 17.09.23.
Fullstendig program ligg nedst på sida.