Postveiseminar
Scandic Ørnen i Bergen
Vi inviterer til oppstartsseminar om Den Trondhjemske Postvei, 22.-23. mars 2023 på Scandic Ørnen i Bergen.
Langs vakre fjordar, gjennom frodige skogar, over fjell og vassdrag slynger Den Trondhjemske postvei seg frå Bergen til Trondheim. Med sine 70 mil tek den deg med på ei historisk reise gjennom 3 fylker og 21 kommunerv og eit stor tal stader og bygder. Den Trondhjemske postvei knyter små og større stader saman og utgjer ein inngangsport til veridane og særpreget desse staden kan by på. Vil du være med på reisa?
Påmeldinga er open no. Frist for påmelding er fredag 17.februar 2023. Detaljert program finn du her.
Målgruppe:
Vi ønsker å samle deltakarar frå fylke, kommune og frivillig sektor som har forvaltningsansvar for, er engasjert i, har erfaring med eller bor i dei områda kor Den Trondhjemske postveien går.
Formål:
Seminaret skal inspirere, auke kunnskap om og gi grobotn for gode initiativ inn i postveiarbeiet .Vi ønsker å skape engasjement i kommunane kring postveien som ein heilskapleg, historisk vegtrasè av nasjonal verdi. På sikt er målet å tilrettelegge utvalde strekker av postveien slik at folk kan bevege seg i postbøndenes fotspor mellom Bergen og Trondheim. Ein ønska effekt av arbeidet er kulturell og økonomisk verdiskaping for reiseliv, næring og kommune der postveien går.
Kom for å lære og bidra gjerne med ideer, nysjerrigheit og erfaringar!
Program og foredragshaldarar:
Vi kan blant anna friste med:
- Innblikk i kva verdiskaping langs postveien kan være, gjennom presentasjon av filmprosjektet til filmskapar Martin Gjellestad. Sommaren 2021 møtte han mange reisande langs postveien, blant andre postveivandrar Mads Heggen. Dei kjem til postveiseminaret for å fortelje om det å lage film og vandre langs postveien – ei vandring som har gått i natur og kultur og i eigen kreativ prosess.
- Geir Tvedt frå Riksantikvaren fortel om kvifor verdiskapingsarbeid er ei viktig satsing for dei. Riksantikvaren støtter og initeierer verdiskapingsarbeid på kulturmiljøfeltet, også postveiprosjektet.
- Trøndelag fylkeskommune, Fjaler og Hyllestad kommuner , Byantikvaren i Bergen og frivillige frå Alver kommune fortel om sine erfaringar fra arbeid med postveien
- Agder fylkeskommune fortel om sitt arbeid for å oppnå auka verdiskaping på kulturmiljøa sine premiss – gjennom fokus på besøksforvaltning
- Gruppearbeid, diskusjon og sosialt samvær blir viktige programpostar på seminaret
- Byvandring i Bergen 22.mars (må kryssast av i påmelding, men inngår i prisen for konferansen)
- Befaring av postveitrasè i Bergensområdet etter endt ordinært program 23.mars (må kryssast av i påmelding, men inngår i prisen for konferansen)
Programmet går frå lunsj til lunsj 22.-23.mars. Programmet er under utarbeidelse og meir detaljert program kjem snarleg.
Kostnad
Deltaking på seminaret er kostnadsfritt for frivillige lag og organisasjonar (for inntil 2 pers. per lag/organisasjon), men middag og reise må lag/foreining dekke sjølv. For øvrige deltakarar kjem kostnad fram i påmeldingsskjema under.
Vi håper på god deltaking. Del gjerne invitasjonen med relevante aktørar!
Hotell
Konferansen er på Scandic Ørnen og du kan booke hotellrom der via deira nettside https://www.scandichotels.no/.
Bestiller du før 22.02.2023 og bruker koden BVES220323, får du rabatt.
(Bestillingar kan endrast eller avbestillast fram til kl.18.00 21.03.23).
Meir informasjon
Visste du at postveifylka har ei felles heimeside dedikert for Den Trondhjemske postvei?
Ta en titt på denne!
(denne vil oppdateres utover våren 2023)
Sjekk også ut Facebook- sida vår!
https://nb-no.facebook.com/postveg/
Vil du lese mer om postveien, se:
https://www.vegvesen.no/globalassets/fag/handboker/v275.pdf
Hjarteleg velkommen!
Med helsing arrangørane
Vestland fylkeskommune, Møre- og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og Statens vegvesen Norsk vegmuseum.