Regionale samlingar for biblioteka og frivillige organisasjonar

27/10 2021 10:00 - 4/11 15:00
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune og Voksenopplæringsforbundet (Vofo) inviterer til regionale samlingar som handlar om livslang læring i biblioteka, og korleis ein kan samarbeide med frivillige organisasjonar/ressursar for å nytte biblioteka som kunnskapsformidlarar.

Målgruppe

  • Frå kommunane: Biblioteksjefar, bibliotektilsette som ønsker å jobbe meir med frivilligheit, VGS-skulebibliotekarar, tilsette frå frivilligsentralar og kultureininga.
  • Frå frivilligheita: Regionledd, paraplyorganisasjonar, studieforbund og lokale frivillige organisasjonar i fylket.

Hovudtema

Med ei verd som er i stadig endring er det viktig at vi klarar å omstille oss. Biblioteka har ei viktig rolle i denne prosessen. Vaksenopplæringslova skal bidra til motivasjon og tilgang til kunnskap og kompetanse for alle, og slik fremje den enkelte si utvikling og møte behova i samfunns- og arbeidslivet. FNs berekraftsmål nr. 4 har fokus på god utdanning, som seier at vi skal sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning for å fremme moglegheiter for livslang læring for alle.

Desse samlingane vil sette fokus på livslang læring i biblioteka, og biblioteka som kunnskapsaktørar.

Ved meir samarbeid mellom bibliotek og frivillige organisasjonar kan vi

  • Inkludere fleire
  • Skape nye møteplassar
  • Gi fleire moglegheit til å ta utdanning/vaksenopplæring
  • Sette fokus på livslang læring

Det vil vere ei samling per region i Møre og Romsdal. Samlingane vil fungere som ein stad å skape nye nettverk for biblioteka og frivillige organisasjonar, og for å auke kompetansen innan samarbeid og frivilligheit. Programmet vil passe for dei biblioteka som har mykje samarbeid, og dei som endå er i startfasen med å opprette nye samarbeid med frivillige organisasjonar.

Dato og sted

28. oktober: Tingvoll - Kommunehuset på Tingvoll

3. november: Sykkylven - Kulturhuset i Sykkylven

4.november: Volda - Lokala til Sanitetslaget i sentrum (Halkjelsgata 16)

Tidspunkt er kl. 10.00-15.00.

Samlinga i Molde er slått saman med samlinga i Tingvoll

Vi oppfordrar til at de deltar i dei regionane de høyrer til. Viss dato ikkje passar vil det vere mogleg å delta i ein annan region.

Pris

Samlinga er dekt av fylkeskommunen. Kvar enkelt må betalte reise sjølv.

Påmeldingsfrist 

20. oktober.

Programmet ligg i pdf nedst på sida.

Vi tek atterhald om endringar i programrekkefølga.

 

Dokumenter

Kontakt