Shared Reading, kurs leseleiar

1/04 2022 10:00 - 3/04 17:00
Molde Fjordstuer
Skriv ut

I regi av prosjektet "Litterære pusterom – Shared Reading for større livskvalitet" inviterer vi til leseleiarkurs etter Shared Reading-metoden.

Gratis. 12 plassar. Løpande påmelding

NB. Kurset er fullteikna. Ønsker du å stå på venteliste, kan du sende inn skjemaet.

Varigheit: 18 timar, fordelt over tre dagar, kl. 10–17 alle dagar

Kurset er for deg som

  • er glad i litteratur og opptatt av menneske sin vekst
  • ønsker å lære korleis du kan halde lesestunder med Shared Reading
  • vil bruke Shared Reading i arbeidet ditt eller som frivillig – på bibliotek, innan helse og omsorg eller kanskje i skolen eller fritidstilbod for ungdom?

Vi ønsker å rekruttere kursdeltakarar som vil halde Shared Reading-lesestunder etter kurset, som sertifiserte leseleiarar.

Kva er Shared reading?

Metoden går ut på å lese ein skjønnlitterær tekst høgt i ei gruppe og ha ein samtale om teksten etterpå. Det er ein leseleiar som leier gruppa og som les. Fokuset i samtalen er ikkje på litterær analyse, men på opplevinga av teksten. Vi undrar oss saman. Målet er ikkje å kome fram til ei felles tolking, men å bringe inn ulike perspektiv og opplevingar av teksten, slik at vi utvidar opplevinga for kvarandre. Vi les for å bli klokare på oss sjølve – og andre.

Les ei god innføring om Shared Reading på Litteraturbloggen til Deichman.

Om kurset og påmelding

Du vil mellom anna få lære om

  • kva som kjenneteiknar Shared Reading-metoden, og bakgrunnen for metoden
  • val og førebuing av tekst
  • høgtlesinga; funksjon og teknikkar
  • korleis bli bevisst rolla di som leseleiar
  • korleis kome i gang med grupper

Du kjem til å få oppleve Shared Reading i praksis og gjere øvingar og oppgåver som førebur deg på rolla som leseleiar.

Det er ei målsetting at alle deltakarar skal praktisere som leseleiarar etter kurset.

Du får tilbod om oppfølging i eit fagleg nettverk etter kurset.

Kurset er gratis og ved behov blir overnatting dekt, og billigaste reisemåte.

Du søker om å få delta ved å sende inn skjemaet her. Skriv litt i kommentarfeltet om kvifor du vil vere med på kurset, så fordeler vi dei 12 plassane så godt vi kan.

Kurset blir halde av Kari Hortman, prosjektleiar for Litterære pusterom, og Kirsten Muhle, Litteratur for alle.

Bakgrunn

Shared Reading vart utvikla av The Reader Organisation i England. Metoden er i bruk i fleire land. Følg gjerne Leserne Shared Reading Norge på Facebook.

Kurset er del av prosjektet "Litterære pusterom – Shared Reading for større livskvalitet" i Møre og Romsdal og Trøndelag, støtta av Sparebankstiftelsen SMN med 3 millionar kroner i perioden 2019–2022. Følg prosjektet på Facebook.

Kontakt arrangør: Møre og Romsdal fylkeskommune v/prosjektmedarbeidar rådgivar Åshild Widerøe, ashild.wideroe@mrfylke.no, tlf. 71280502

Kontakt