Tilskotsseminar - Slik kan du søke støtte frå fylkeskommunen

27/09 2022 10:00 - 12:00
Digitalt
Skriv ut

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til digitalt seminar om tilskotsordningar og innsending av søknadar. Her gir vi deg informasjon om våre tilskotsordningar og gode tips på korleis du kan skrive ein god søknad. Seminaret er for både nye søkarar og tidlegare tilskotsmottakarar. 

Tilskotsmidlane på kulturområdet er dei viktigaste verkemidla for å oppfylle prioriteringane og nå målsettingane i fylkesplan på kulturområdet. Midlane skal legge til rette for eit velutvikla mangfald av kulturtilbod i heile fylket. 

Ordningar du kan søke i haust er:  
  • Eittårig driftstilskot – Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement 
  • Integreringstiltak for flyktningar i regi av  frivillige lag og organisasjonar 
  • Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur 
  • Møremusikarordninga – Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar 
  • Brannsikring av tette trehusområde 
  • Bygningar og anlegg i verdsarvområdet 
  • Fartøyvern
  • Freda kulturminne i privat eige 
  • Freda middelalderhus i privat eige - frå før 1537
  • Regionale kulturminne og kulturmiljø 
  • Tekniske og industrielle kulturminne 
  • Tilskotsordningar lyst ut gjennom programmet "Ein bit av historia"
  • Større idrettsarrangement
Årets program vil mellom anna handle om: 
  • Kva ordningar kan du søke? 
  • Slik skriv du ein god søknad 
  • Gjennomgang av nye retningslinjer for prosjekttilskot  

Seminaret er digitalt og kjem rett før vi opnar mange av tilskotsordningane våre.  

Påmeldingsfrist er søndag 25. september. Alle påmeldte vil den 26. september motta møteinvitasjon med lenke for digital deltaking.  

Fullstendig program ligg nedst på sida. 

Dokumenter

Kontakt