UKM dataspelworkshop om vikingtida
Discord
Illustrasjon: Tidvis
UKM og Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å invitere interesserte til ein dataspelworkshop om vikingtida frå fredag 20.–22. november. Workshopen vert gjennomført på Discord, eit gratis VoIP-program og ein digital distribusjonsplattform designet for gamingfellesskap. Carl William Holm og Thomas Hansen frå Tidvis leier workshopen.
Dette er ein workshop som tek utgangspunkt i vikingtida i Møre og Romsdal. Her får du lære om korleis ein utviklar dataspel i spillmotoren Unity og prøve deg på det same! For å nytte Discord, må deltakarane ha tilgang til ein PC eller Mac med internettforbindelse, gjerne ei maskin du speler spel på. Du må være mellom 13-20 år for å delta.
Påmelding for kommunar som allereie har hatt lokale UKM-arrangement, startar måndag 26. oktober.
Tidspunkt
- Fredag 20. november kl. 17-21
- Lørdag 21. november kl. 10-17
- Søndag 22. november kl. 10-17