UNG kunst og kultur i Møre og Romsdal – utvikling av den nye UKM-modellen, workshop nr. 2

5/09 2019 14:00 - 18:00
Møterom 103, Fylkeshuset i Molde, Julsundveien (Møt opp ved hovedinngangen)
Skriv ut

UKM Norge har lagt fram ny strategiplan for perioden 2020 til 2024, og den seier at intensjonen til UKM Norge er å forsterke effekten av eksisterande kulturarbeid for barn og unge. Planen seier også at hovudaktiviteten i UKM skal vere lokale mønstringar med breitt spekter av ungdom og kulturuttrykk, og at dei lokale mønstringane skal vere festivalar der ungdom sjølve, under rettleiing frå profesjonelle vaksne, får ansvaret for både planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og kunstnarleg innhald. Det er no sett ned ei arbeidsgruppe med ungdom frå URG – Unge ressurser/UKM, Ungdomspanelet og Møre og Romsdal barne- og ungdomsråd (MRBUR) til å bidra til at UKM-modellen får nytt innhald. Dette er den andre workshopen i ei rekkje på tre. Denne gongen skal vi jobbe vidare med den nye UKM-modellen, og utarbeide plan for vidare arbeid hausten 2019.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Elin Kanck Lorentzen på e-post eller mobil.

Påmeldingsskjema

Kontakt