Webinar om folkehelse

22/10 2020 10:00 - 13:00
Webinar
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til folkehelsewebinar hausten 2020.

Målet med webinaret er erfarings- og kunnskapsdeling om Folkehelseprogrammet samt dele ny kunnskap frå rapporten «Livskvalitet i Norge 2019». Innsamling og bruk av livskvalitetsdata utgjer eit viktig ledd i arbeidet med å leggje til rette for gode liv i befolkninga. Ragnhild Bang Nes frå Folkehelseinstituttet vil leggje fram hovudfunna frå den nyleg publiserte rapporten.

Det vert også ei oppdatering om folkehelsearbeidet i fylket.

Webinaret er det første i ei rekke webinar om folkehelse og neste webinar arrangerast tysdag 15. desember. Webinaret vert arrangert i Teams og du vil få ei lenke som gjev deg tilgang i god tid før webinaret. Det er heilt gratis å delta.

Dokumenter

Kontakt