Workshop om idéutvikling og søknadsskriving

17/10 2019 10:00 - 14:00
Kirkegata 10B, Ålesund (fylkesbiblioteket sine lokale)
Skriv ut

Fylkesbiblioteket inviterer folkebiblioteka til  workshop om idéutvikling og søknadsskriving torsdag 17. oktober i Ålesund for dykk som ønskjer å søke eksterne midlar til arrangement/prosjekt. Carina Stokke, rådgivar og vår gode kollega, vil vere prosessleiar denne dagen. I kulturavdelinga har ho hatt ansvar for mange utviklingsprosjekt og er mellom anna ansvarleg for publikumsutviklingsprosjektet.

Program:

Kl. 10:00-11:30: Frå idé til prosjektsøknad

Kl. 11:30-12:00: Lunsj

Kl. 12:00-14:00: Idéutveksling og arbeid med søknad

Aktuelle stadar å søke midlar er:

  • Kulturrådet – 3. desember
  • Fritt Ord – 1. november og 4. januar
  • Nasjonalbiblioteket (utlysing formidlingsmidlar rundt årsskiftet iflg. Svein Arne Tinnesand) - sjå tiltak i Nasjonal Bibliotekstrategi 2020-2023
Påmeldingsskjema
8 påmeldinger
Du melder deg på med å fylle ut dette skjemaet. Noter deg ned tid og stad, det blir ikkje sendt ut automatisk stadfesting på e-post etter at du har meldt deg på.

Kontakt