Høyringsseminar: Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal
Molde, Hotell Scandic Alexandra
Fylkeskommunen har saman med landbruksnæring og -forvaltning i Møre og Romsdal laga utkast til ny fylkesstrategi for landbruket. Formålet er å gi retning for utviklinga av landbruket på eit regionalt nivå og bidra til å styrke landbruksnæringa i fylket. Men er det dei rette måla og strategiane som er foreslått? Det ber vi no om hjelp til å svare på.
Fylkesstrategi landbruk ligg no ute på offentleg høyring. Alle som har interesse for og meiningar om landbruk kan sende innspel. Fristen er 1. oktober. Du finn høyringsutkastet nedst på denne sida.
For å få flest mogleg og best mogleg diskusjonar om innhaldet i strategien vil Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til høyringsseminar på Scandic Alexandra i Molde 1. september. Representantar for ulike organisasjonar i landbruksnæringa, frå landbruksforvaltninga og andre interessentar vil bli særskilt invitert, men møtet er ope for alle.
Program (med atterhald om endringar):
10:00: Velkomne, litt om mål og forventningar til møtet, v. seksjonsleiar Eivind Vartdal Ryste, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kunnskapsgrunnlag: Korleis står det til med landbruket i Møre og Romsdal?
10:15: Verdiskaping i landbruket og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal. Heidi Knutsen frå Nibio presenterer fersk analyse
11:00: Trendar i landbruket i Møre og Romsdal. Korleis ser bonden på framtida? Aleksander Zahl-Thanem frå Ruralis har spurt og gir oss svara.
11:45: Lunsj
Ny strategi - kvar går vi og kvifor?
12:30: Ny fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal. Eivind Vartdal Ryste frå Møre og Romsdal fylkeskommune presenterer høyringsutkastet
13:15: Pause
13:30: Verkstad – drøfting av kunnskapsgrunnlag og innhald i strategien
15:00: Avslutning
Påmeldinga er stengt