Kurs i habitattiltak i sjøaurebekkar - UTSETT
Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta kommune, med praktisk del i Steinsvikelva i Volda kommune
Kurset er dessverre utsett. Ny dato kjem.
Prosjektet «Mange bekkar små» inviterer til kurs i restaurering og habitatforbetrande tiltak.
Formål med kurset
Formålet med kurset er å gi deltakarane kompetanse i å planlegge og å gjennomføre eit konkret prosjekt for å betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren gjennom fysiske tiltak. På forhånd skal det vere lagt ein plan og søkt om nødvendige løyver til gjennomføring av tiltaka. Forarbeidet vil bli presentert og gjennomgått, men hovudmålet med kurset er å gjennomføre dei habitatforbetrande tiltaka.
Stad: Kurset blir på Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta kommune og praktisk del i Steinsvikelva i Volda kommune.
Tidspunkt: Kjem tilbake med ny dato.
Fullstending program vil bli sendt ut
Kursholdarar: Marius Kambestad, NORCE, Geir Moen, Statsforvaltaren, Håkon Slutaas og Åsa Fredly i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kursavgift: Kurset er gratis og inkluderer middag fredag og lunsj laurdag. Dersom du treng overnatting, må du bestille dette sjølv.
17.00 | Velkommen og presentasjon |
17.10 | “Mange bekkar små” -kort om kartleggingsprosjektet og status v/Håkon Slutaas, Møre og Romsdal fylkeskommune |
17.30 | Kort om status for sjøaurebestander i Møre og Romsdal v/Geir Moen, Statsforvaltaren iMøre og Romsdal |
17.45 | Kva er ein god sjøaurebekk?–sjøaurens biologi og habitatbruk v/Marius Kambestad, NORCE |
18.15 | Pause |
18.30 | Gode habitattiltak i ein sjøaurebekk i dårleg tilstand, v/Marius Kambestad, NORCE |
19.00 | Framgangsmåte for å gjennomføre tiltak: planlegging, søknadar, gjennomføring og etterarbeid v/ Åsa Fredly og Håkon Slutaas, Møre og Romsdal fylkeskommune og Geir Moen, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal |
19.30 | Avslutning |
20.00 | Middag |
Ta med støvlar eller vadarar og hanskar. Ta med grafse og spade om du har.
09.30 | Oppmøte Steinsvikelva ved demning i utløp av Vassbakkvatnet |
11.30 | Lunsj |
12.30 | Arbeidet i bekken held fram |
15.30 | Oppsummering og avslutning |
16.00 | Heimreise |