Webinar: Utlysning av midlar til utvikling av arbeidsfellesskap på bygda.
webinar
Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer no ei ordning som skal bidra til utvikling av unike coworking-løysingar, eller arbeidsfellesskap på bygda.
Målet er at det skal utviklast innovative coworking-løysingar som trekk til seg folk som ønsker å bidra til verdiskaping. No inviterer vi aktuelle kandidatar til å søke prosjektmidlar. I dette weminaret får du meir om informasjon om utlysinga.
0900 | Innleiing av Møre og Romsdal fylkeskommune, ved rådgivar May-Britt Roald - Kva kan vi lære av andre som har gjort gode grep for å skape eit unikt, fortetta, berekraftig bo- og arbeidsmiljø? |
0915 | Bygdeboksen og Bygda 2.0 ved Ingrid Langklopp frå Stokkøya. Ingrid vil dele erfaringar frå arbeidet med å utvikle Stokkøya – der arbeidsfellesskap er ein del av noko meir. -Kva har vi lært? Kva har vore gode og dårlege grep? Kva er det viktigaste å ta med seg frå Bygda 2.0 når ein skal utvikle arbeidsfellesskap med meir? |
0945 | Om ordninga - spørsmål og svar |
1000 | Dialog i mindre grupper |
Meld deg på seminaret til May.Britt.Roald@mrfylke.no. Du vil deretter få tilsendt lenke til teamsmøte på mail.