Verkstad - innspel til Fylkesstrategi for kompetanse
Ålesund, Molde, Ulsteinvik, Kristiansund
Møre og Romsdal fylkeskommune er i gong med å utarbeide Fylkesstrategi for kompetanse. Formålet med strategien er å gjere det tydeleg korleis vi skal samarbeide i fylket for å sikre rett kompetanse til næringslivet og offentleg sektor.
Vi ønskjer å invitere representantar frå arbeidslivet (bedrifter, kommunar, næringsaktørar), utdanningsinstitusjonar og andre aktørar som kjenner kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal til å gi innspel til strategiarbeidet.
Meld deg på workshop i Ålesund, Molde, Ulsteinvik og Kristiansund i skjemaet under.
Hausten 2022 samla fylkeskommunen sentrale aktørar for å gje innspel til det kommande strategiarbeidet. Representantane frå næringslivet var blant anna opptekne av etter- og vidareutdanning som eit viktig grep for å sikre rett kompetanse til bedriftene.
Tema for workshopen er korleis vi skal samarbeide i Møre og Romsdal for å utvikle utdanningstilboda i tråd med behova i arbeidslivet.
- Ålesund: 22.mars kl. 10-14. Lokasjon NTNU Ålesund – Smia.
- Molde: 24.mars kl. 10-14. Lokasjon Protomore kunnskapspark.
- Ulsteinvik: 28.mars kl. 10-14.. Lokasjon Skaparhuset.
- Kristiansund: 29.mars kl. 10-14.