Innovasjonsfestivalen: Hydrogen i ei berekraftig energiframtid

10/11 2021 08:30 - 17:00
På toppen av Nesaksla, Åndalsens
Skriv ut

Under Innovasjonsfestivalen 2021 får du dei siste oppdateringane på hydrogenutviklinga i Noreg. Dette skjer på Eggen restaurant ved Romsdalsgondolen, og med utsikt over tindehovudstaden Åndalsnes og Romsdalsfjella.

Her vil vi samle eit solid lag aktører som på ulike måtar er involverte i tilrettelegging, produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen. Innovasjonsfestivalen er kjent for fagleg påfyll på utradisjonelle og kreative formidlingsmåtar. Det vil vi også gjere her, med korte pitchar, inspirasjonsinnlegg og debatt.

Innovasjonsfestivalen er haustens møteplass for nytt og etablert næringsliv på tvers av bransjar. I ei hydrogenverdikjede trengs det alt fra små duppedingsar til større produkt og tenester. Kanskje finn du din neste samarbeidspartnar på Innovasjonsfestivalen. Festivalen går over to dagar, og vi oppfordrar til å delta begge dagane.

Gå til Innovasjonsfestivalen si nettside for å melde deg på

Foreløpig program: 

08.30 - 09.30 Transport opp fra Åndalsnes til Eggen restaurant
09.30 – 10.00 Registrering og kaffi i ustillingsområdet

Konferansier: Yvonne Wold, ordførar i Rauma

10.00 - 11.00 Kva skjer i fylket og i resten av Europa?
- Velkommen v/fylkesordførar Tove-Lise Torve
- Hydrogenaktivitet i Møre og Romsdal v/Lina Vassdal, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Held Noreg tritt med Europa i hydrogensatsinga? v/Ingebjørg Telnes Wilhelmsen, Norsk hydrogenforum 
- New blue deal v/Daniel Garden, ÅKP

11.00 – 11.30 Dei gode eksempla
- Energiforsyning til mobildekking på Trollstigen v/Andre Moen og Martin Gyllenhammar, Telia
- Korleis rigge seg for å levere varer og tenester til ei hydrogen verdikjede? v/Ole Ståle Sandnes, Midsund industriservice AS

11.30 – 12.30 Lunsj og mingling

12.30 - 13.50 Hydrogenprosjekt på gang 

- Status på hydrogenmotorar sett frå motorleverandør, klart alt i dag? v/Knut Bøvre, Frydenbø industri AS
- Nytt om Hydrogenskip-prosjektet Topeka v/Terje Kvisvik, Norseagroup
- Nytt om hydrogentog, v/Carl-Åge Bjørgan, Alstom 
- Grønn konkurransekraft med hydrogen v/Liv-Hege Seglsten, Greenstat
- Regelverk for handtering av hydrogen v/Celine Tonheim, DSB
- Biometanol - grønt hydrogen, med eksisterende infrastruktur v/Dag Nikolai Ryste, Glocal Green AS

13.50 – 14.20 Kaffi og mingling

14.20 - 15.50 Diskusjon om produksjon/etterspurnad/infrastruktur/ Kvar og korleis begynne?

Debattleiar: Ingebjørg Telnes Wilhelmsen, Norsk hydrogenforum

- Troms og Finnmark sin hydrogenstrategi v/Hilde Skjerven Bersvendsen
- Hydrogenproduksjon på Aukra? v/Trude Sundset, Aker Clean Hydrogen
- Storsatsing på infrastruktur for grønt hydrogen v/Jens Berge, Norwegian hydrogen
- Kraftsystemsituasjonen i Møre og Romsdal v/Gerard Eidså, Istad Nett
- Hydrogenproduksjon i Kristiansund – nytt knutepunkt? v/Morten Solvang Watle, GreenH

16.00 – 17.00 Retur (gondol) og vidare til Innovasjonsfestivalen middag

 

 

Kontakt