Kampen om sjøareala - nasjonal plankonferanse

26/10 2021 09:00 - 27/10 16:00
Molde, Scandic Seilet
Skriv ut

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar til nasjonal plankonferanse i Molde 26. og 27. oktober 2021. 

For å vite korleis vi skal nytte sjøareala våre på den rette måten, treng vi kunnskap om marine økosystem, arealforvaltning og interessekonfliktar. Vi har laga ein nasjonal arena der politikarar og saksbehandlarar kan møtast, få den nyaste informasjonen og kan dele erfaringar.

Det blir ein hybridkonferanse med både digital og fysisk deltaking. Smittevernreglar rundt Covid-19 blir følgd i tråd med nasjonale føringar. 

Påmelding frist 11. oktober 

Kontaktpersonar: 

Møre og Romsdal fylkeskommune: Pernille Eriksdatter Giske (kontaktinfo under)
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: Anne Grete Kleven, 71 25 84 77, fmmrankl@statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Program 26. oktober

Konferansier: Terje Sporsem

09.00 Registrering
10.00 Velkommen og praktisk informasjon v/Terje Sporsem
10.15 Opning v/Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal
10.20 Havromsatsinga - frå festtale til konkrete løysingar v/TBA, Nærings- og fiskeridepartementet
10.50 Klima- og naturkrise - skal havet redde oss? v/Dag O. Hessen, Universitetet i Oslo
11.20 Pause
11.30 God havforvaltning startar i myra. Økosystemperspektivet for god forvalting, v/ Thrond Haugen, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet
12.00 Energiproduksjon i sjø - typer, utfordringar og kommunane sitt handlingsrom v/Anders Bakken Hekland, Norges vassdrags- og energidirektorar
12.30 Lunsj
13.30 Akvakulturnæringa skal vokse - behov, teknologi og utfordringar v/Andreas Heskestad, Stiim Aquacluster
14.00 Hjelp! Eg har fått ein AK-søknad - tips og triks til behandling i kommunen, v/Rebekka Varne, Fylkeskommunanes akvakultursamarbeid
14.30 Pause
15.00 Kven styrer kysten? Grensegang mellom plan- og bygningslova og sektorlovverket v/Ingunn Myklebust, Universitetet i Bergen
15.30 Marine verneområder - kva må til for å oppnå positive effektar? v/Alf Ringe Kleiven, Havforskingsinstituttet
16.00 Takk for i dag
Program 27. oktober

Konferansier: Terje Sporsem

09.00 God morgon v/Terje Sporsem
09.10 Det forunderlege havet - Havforvaltning på naturen sine premissar v/Pie Ve Dalen, Lei en biolog.
09.40 Rettleiar om arealplanlegging i sjø og anna nytt om sjø frå planavdelinga i KMD v/Kristin Nordli, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
10.10 Konsekvensutgreiingar i sjø på 1-2-3 v/Eva Beate Rundereim Torsvik, Fiskeridirektoratet
10.40 Pause og utsjekk
11.10 Marine grunnkart - kvifor, korleis og derfor v/Hanne Hodnesdal, Kartverket
11.40 NiN - om verktøyet og praktisk nytte for forvaltninga v/Trine Bekkeby, Norsk institutt for vassforskning
12.10 Nye artar til oppdrett - arealbehov, miljøomsyn, samfunnsinteresser v/Lars Olav Sparboe, Akvaplan NIVA
12.40 Lunsj
13.45 3D-modellering av strandsona v/Martin Vestnes Sæter, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
14.15 Alta kommune om interessekonflikter og medverknad v/Veslemøy Grindvik, Alta kommune
14.45 Når marinbiologen bli politikar v/ Kriss Rokkan Iversen, MDG
15.15 Oppsummering og avslutning v/ Else-May Norderhus, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
15.30 Takk for no og vel heim! v/Terje Sporsem
Program for kvelden 26.10 (gjeld fysisk deltaking i Molde)
16.20 Frivillige aktivitetar (byvandring, Romsdalsmuseet, bar Seilet, treningssenter, Moldebadet)
19.00 Smak av Møre og Romsdal
19.30 Middag og underhaldning med Norske hemmeligheter
Påmeldingsskjema
228 påmeldinger
72 ledige plasser
Dersom du ikkje er tilknytta ein organisasjon, bruk personnummeret ditt

Sjekk at informasjonen er riktig fylt ut før du trykker Send inn. Du vil få bekreftelse på e-post.

Kontakt