Kurs i habitattiltak i sjøaurebekkar

20/05 2022 15:00 - 21/05 15:00
Kristiansund
Skriv ut

Prosjektet «Mange bekkar små» inviterer til kurs i restaurering og habitatforbetrande tiltak i sjøaurebekkar.  

Formål med kurset

Formålet med kurset er å gi deltakarane kompetanse i å planlegge og å gjennomføre eit konkret prosjekt for å betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren gjennom fysiske tiltak. På forhånd skal det vere lagt ein plan og søkt om nødvendige løyver til gjennomføring av tiltaka. Forarbeidet vil bli presentert og gjennomgått, men hovudmålet med kurset er å gjennomføre dei habitatforbetrande tiltaka som må til for å gjere vassdraget til ein god sjøaurebekk.

Tidspunkt: 20. og 21. mai. Oppstart fredag ettermiddag kl. 18 med teoretisk gjennomgang. Laurdag startar vi kl. 09 og gjennomfører ein praktisk dag ute.

Stad: Kurset leggast til Thon hotel Kristiansund (Innlandet) og laurdag skal vi til Strømselva på Bruhagen, Averøya.

Kurshaldarar: Øyvind Fjeldseth, fiskekonsulent i NJFF, Askill Sandvik, Smøla JFF, Geir Moen, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Håkon Slutaas og Åsa Fredly i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Detaljert kursprogram kjem. 

Kursavgift: Kurset er gratis og inkluderer middag fredag og lunsj laurdag. Dersom du treng overnatting, må du bestille dette sjølv.

Påmelding innan 12. mai. 

Her kan du lese om prosjektet "Mange bekkar små"

Her finn du status for kartlegging av sjøaurebekkar i Møre og Romsdal

Kontakt