Kurs: Innovative innkjøp - tidleg marknadsdialog (modul)

21/09 2021 13:00 - 15:00
Online
Skriv ut

Planlegging og gjennomføring av tidleg marknadsdialog i innovative innkjøpsprosessar

Tema: Innsikt i ulike faser av tidleg marknadsdialog, skape interesse hos leverandørar, involvering av leiarar undervegs i  prosessen

Denne modulen passar for: leiarar og medarbeidarar som har eigarskap til det innovative innkjøpet

Innhald:

  • Med utgangspunkt i verktøyet utvikla av Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP) vil du lære å  gjennomføre  tidleg marknadsdialog effektivt og med god kvalitet
  • Kva spørsmål må du ta stilling til og kva aktivitetar må du gjennomføre i forkant?
  • Korleis skape ein interessant dialog for leverandørar?
  • Korleis gjennomføre marknadsdialogen, kven bør delta?
  • Korleis utarbeide disposisjon til dialognotat og ei tidslinje for planlegging av dialogfasen?
  • Korleis sikre at kunnskapen du får gjennom marknadsdialogen gir nytte for alle aktørane?
  • Korleis følger du opp arbeidet etter gjennomført marknadsdialog?
  • Du blir kjent med marknadsdialogverktøyet, og vil vere betre i stand til å bruke dette sjølv  seinare

Dette er ein modul i kursserien Innovative innkjøp. Sjå alle modulane på mrfylke.no/kalender.

Kurshaldar: Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP) v/ Hilde Sætertrø
Arrangør: Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt