Gjenreisingsbyane: I skjeringspunktet mellom kulturvern og byutvikling – kva er moglegheitene?

10/06 2021 09:00 - 12:00
Digitalt møte
Skriv ut

I samarbeid med Kristiansund, Rauma og Molde kommunar, inviterer vi til eit fagseminar. Her ønsker vi å sette lys på korleis moderne byutvikling kan skje i bygningsmiljø som etterkvart har fått nasjonal status som verdfulle.

Seminaret er ope, men målgruppa er særskilt sentrumsforeiningar, næringslag, gardeigarar, eigedomsutviklarar, konsulentfirma, saksbehandlarar i kommunen.

  • Kva er dei viktige elementa i gjenreisingsarkitekturen ?
  • Kva er spelerommet for endring ?
  • Er gjenreisingsarkitekturen mogleg å marknadsføre ?
  • Kva finst av gode eksempel ?

Programmet er under utarbeiding, og vil bli lagt ut seinare. Meld deg likevel på no, og sett av tidspunktet på kalenderen. Lenke for digital deltaking vil bli sendt ut når det nærmar seg.

 

PROGRAM

09:00:    Velkommen – kort om gjenreisingsprosjektet til fylkeskommunen

                Johnny Loen, plansamordnar, Møre og Romsdal fylkeskommune

09:10:    Gjenreisingsbyen som fenomen – historien, innhaldet og forvaltingsrammene

     Ola Hjelen, rådgivar/arkitektm Møre og Romsdal fylkeskommune

09:40:    Tid til spørsmål, kort pause

09:50:    Å framsnakke grått i tredve år -  Gjenreisingsbyen Steinkjer  får status

    Robert Øfsti, pensjonert prosjektleiar m.m,  Steinkjer kommune

1020:     Tid til spørsmål, kort pause

1030:     Gjenreisningsbyen Bodø- hvordan ta vare på identiteten?

                    Jonas Bjørklund, arkitekt Bodø kommune

1100:     Tid til spørsmål, kort pause

1110:     Utbyggarperspektivet i gjenreisingsarkitekturen

    Stein Gipling, dagleg leiar Gipling eigedom AS, Steinkjer

1125:     Spørsmål

1130:     Kvalitet i omgjevnadane, attraktivitet og identitet

                Lise Larstuvold, Bylivsenteret i NAL

 1150:     Spørsmål og sluttkommentar

1200:     Slutt

 

Påmeldingsskjema
63 påmeldinger

Kontakt