Nyttårskonferansen 2020

7/01 2020 09:00 - 8/01 13:00
Scandic Seilet hotell i Molde
Skriv ut

Møre og Romsdal 2025 arrangerer Nyttårskonferansen - møteplassen for toppleiarar i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal, og vi håper på like god deltaking som sist.

Møre og Romsdal er med i det nasjonale berekraftløftet, ei satsing for smart berekraftig samfunnsomstilling. Derfor er hovudtema for Nyttårskonferansen 2020 berekraft - og korleis offentleg sektor saman kan arbeide fram ein berekraftvisjon for Møre og Romsdal.

Følgande statsrådar har sagt ja til å delta:
•    Nikolai Astrup, digitaliseringsminister 
•    Jøran Kallmyr, justisminister
•    Sylvi Listhaug, eldre- og folkehelseminister
•    Monica Mæland, kommunal- og moderniseringsminister 

Programmet er under arbeid og endeleg program er klart i slutten av oktober. Deltaking blir fakturert i etterkant av konferansen.

Til Nyttårskonferansen 2020 inviterer vi ordførarar, rådmenn, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutval, Mørebenken, Ungdomspanelet, og toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Konferansen blir arrangert av prosjektet Møre og Romsdal 2025 og programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, KS og NAV

Vi har møterom tilgjengeleg for dei som ønsker å legge møter til konferansedagane og fasiliterer gjerne møter for dei som ønsker det. 

Påmeldingsskjema
16 påmeldinger
Du melder deg på med å fylle ut dette skjemaet. Vi ber deg notere ned tid og stad. Det blir ikkje sendt ut automatisk stadfesting på e-post etter at du har meldt deg på, men du vil få opp ei melding i nettlesaren din.

Overnatting: Deltakarane må bestille overnatting sjølv. Vi har reservert rom på Scandic Seilet hotell i Molde 7.-8. januar. Ønsker de å bestille rom der bruk bookingkoden BNYT070120. Kontaktinformasjon til hotellet: Seilet@scandichotels.com, telefon 71 11 40 02

Påmeldinga er bindande, ved avmelding etter 20. november 2019 vil di verksemd bli fakturert.

Kontakt