Nyttårskonferansen 2021

13/01 2021 09:00 - 14:00
Digitalt
Skriv ut

Nyttårskonferansen 2021 vil denne gongen bli arrangert som ein digital konferanse, 13. januar kl. 09.00 - 14.00.

 

Følg konferansen frå kl. 09.00 her (lenke åpnast i ny fane)

Dei som er invitert til konferansen kan følge sendinga via eiga plattform (informasjon sendt på mail).

Til Nyttårskonferansen 2021 inviterer vi ordførarar, rådmenn/kommunedirektørar, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutval, Mørebenken, Ungdomspanelet, og toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

På programmet finn du mellom anna: 

  • Korleis kan offentleg og privat sektor samarbeide for å styrke næringslivet i Møre og Romsdal?
    • Bjørn Arild Gram, Styreleiar i KS
    • Per Harbø, Leder for Nasjonalt program for leverandørutvikling, NHO
    • Ole Christian Lien , Avdelingsdirektør i Kunnskapsavdelingen i NAV
    • Bergljot Landstad, Næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune
    • Espen Remme, Regiondirektør, NHO Møre og Romsdal
    • Helge Gjerde, Direktør, Innovasjon Norge Møre og Romsdal
    • Else-May Norderhus, Helge Orten og Steinar Reiten, Mørebenken 
  • Berekraftfylket Møre og Romsdal – kva har skjedd sidan lanseringa på Nyttårskonferansen 2020, og kva er vegen vidare?  
    • Nikolai Astrup, Kommunal- og moderniseringsminister
    • Ole Helge Haugen, leiar for Berekraftfylket Møre og Romsdal
    • Rigmor Brøste, Statsforvaltar i Møre og Romsdal
    • Anne Romsaas, Seniorrådgivar innovasjon KS 
    • Reportasjar og representantar frå Møre og Romsdal
  • Kva tar vi med oss av lærdom frå å leie offentleg sektor under pandemien?
    • Møreforskning presenterer funn frå undersøking i Møre og Romsdal
    • Valgjerd Bakka Skauge, Fagdirektør i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ): -  presenterer funn frå nasjonal rapport om korleis pandemien har påvirka arbeidet i forvaltninga
    • Kommunar og statsetatar i Møre og Romsdal diskuterer eigne erfaringar.   

Konferansen blir arrangert av prosjektet Møre og Romsdal 2025 og programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, KS, NAV og Ungdomspanelet.  

 

Foredragsholdere
Foto av Bjørn Arild Gram

Bjørn Arild Gram

Bjørn Arild Gram er styreleiar i KS, og er valgt som politisk leiar for KS i fire år. Han har vore styremedlem i Helse Nord-Trøndelag HF i perioden 2012 - 20 og er møtande varamedlem i styret i Finanstilsynet. Gram var fylkesleiar i Senterpartiet i Nord-Trøndelag fra 2004 - 2006 og fra 2010 - 2012. Han var fylkestingsrepresentant i Nord-Trøndelag fylkeskommune frå 1995 - 2019. 

Per Harbø

Per Harbø er programleiar for Nasjonalt program for leverandørutvikling, og jobbar i Næringspolitisk avdeling i NHO. Harbø blei tilsett i NHO i 1995 og har mange års erfaring med utviklings- og innovasjonsprosjekt i grensesnittet mellom offentleg og privat sektor. Harbø leier no «NHO/KS Nasjonalt program for leverandørutvikling» som starta i 2010. Formålet med programmet er å betre kompetansen og auke gjennomføringa av innovative offentlege anskaffelsesprosessar.

Foto av Ole Christian Lien

Ole Christian Lien

Ole Christian Lien er avdelingsdirektør i Kunnskapsavdelingen i NAV. Lien leier til dagleg ei eining som er ansvarleg for prognosar og utgreiingar av regelendringar og reformer innenfor ytingane NAV forvaltar. I tillegg leier han arbeidet med NAVs omverdsanalyse, som omhandlar korleis samfunnstrender til 2035 vil treffe NAV. Formålet er å skape refleksjon om moglegheiter og utfordringar NAV vil få framover, og gje grunnlag for meir treffsikre strategiar og planar. 

Foto av Bergljot Landstad

Bergljot Landstad

Bergljot Landstad har vore tett på næringslivet i fylket i mange år som regional- og næringssjef. Landstad har hatt verv i ulike styre, mellom anna som styreleiar i Regionalt Forskningsfond. Ho har også vore medlem i ulike offentlege utval, sist Distriktsnæringsutvalget (NOU 2020:12) 

Espen Remme

Espen Remme blei ny regiondirektør i NHO Møre og Romsdal desember 2019. NHO er landets største arbeidsgivarorganisasjon, med regionkontor i alle landets fylker.
I Møre og Romsdal har NHO ca. 1700 medlemsbedrifter som sysselsett 30 000 arbeidstakarar.

Fot av Helge Gjerde

Helge Gjerde

Helge Gjerde er regionsdirektør for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal. Han har lang næringslivserfaring, mellom anna som direktør i Rolls-Royce Marine. 

Foto av Nikolai Astrup

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup er kommunal- og moderniseringsminister, og har ansvaret for styring av forvaltningspolitikk, kommuneøkonomi, lokalforvaltning og valgjennomføring, planlegging, bolig- og bygningspolitikk, koordinering av regjeringa sitt arbeid med FNs bærekraftsmål, kart- og geodatapolitikken, statleg arbeidsgivarpolitikk, statleg bygg- og eigedomsforvaltning, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, kontakten med Kongehuset, samt det administrative ansvaret for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto av Ole Helge Haugen

Ole Helge Haugen

Ole Helge Haugen er seksjonsleiar i berekraftig samfunnsutvikling Møre og Romsdal fylkeskommune. Haugen leier arbeidet med «Berekraftfylket Møre og Romsdal» og har vore sentral i arbeidet med å etablere det det nasjonale «Bærekraftnettverket». Han har jobba tett med norske byar og FN for å samordne og tilpasse U4SSC KPI, FN si berekraftkartlegging til norske forhold. Haugen har brei leiarerfaring frå offentleg sektor i fylket, mellom anna som fylkesplansjef i 15 år. 

Foto av Rigmor Brøste

Rigmor Brøste

Statsforvaltar i Møre og Romsdal. Brøste har lang erfaring frå offentleg sektor. Brøste har vore assisterande Fylkesmann sidan 2012. Før det var ho rådmann i Nesset kommune, og frå 1999 til 2006 var ho personal- og organisasjonssjef i Molde kommune.

Foto av Anne Romsaas

Anne Romsaas

Anne Romsaas, Fagsjef, KS Forskning, innovasjon og digitalisering. 

Foto av Pål Bakke

Pål Bakke

Pål Bakke er seniorrådgivar i NHOs regionkontor i Ålesund. Pål har bakgrunn som reporter/journalist i mellom anna TV 2, NRK og Sunnmørsposten. Bakke har vore programleiar/konferansier for ei rekke store og små konferansar og arrangement opp gjennom åra. 

Foto av Tove-Lise Torve

Tove-Lise Torve

Fylkesordførar i Møre og Romsdal. Trur på det gode i mennesket. Trur vi får til meir saman enn kvar for oss. Trur meir samarbeid og samhandling gir uante moglegheiter. Trur på Møre og Romsdal, moglegheitenes fylke. Sjukepleiar, tidlegare stortingsrepresentant og ordførar i Sunndal.

Foto av Britt Rakvåg Roald

Britt Rakvåg Roald

Britt Rakvåg Roald er assisterande kommunedirektør i Molde kommune. Under pandemien har ho hatt det overordna administrative ansvaret for handteringa av pandemien, og har samarbeidd tett med kommuneoverlegen. Ho har tidlegare vore samhandlingssjef i Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal, daglig leiar i Romsdal Regionråd og prosjektleiar for nye Molde kommune. 

Foto av Chaesub Lee

Chaesub Lee

Chaesub Lee was elected Director of the ITU Telecommunication Standardization Bureau at the ITU Plenipotentiary Conference 2014 in Busan, Republic of Korea, and re-elected to this post for a second four-year term at the ITU Plenipotentiary Conference 2018 in Dubai, United Arab Emirates. 

Dr Lee has contributed ICT standardization for over 30 years, specializing in areas such as integrated services digital networks (ISDN), global information infrastructure (GII), Internet protocol, next-generation networks (NGN), Internet protocol television (IPTV) and cloud computing. 

Foto av Valgjerd Bakka Skauge.

Valgjerd Bakka Skauge

Valgjerd Bakka Skauge er fagdirektør i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Skauge har brei forvaltningserfaring med bakgrunn frå fleire departementsområde, mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Skauge har deltatt i fleire utgreiingar om statleg forvaltning, og jobbar no som sekretariatsleiar for Arbeidsgiverrådet i staten.

Foto av Morten Wolden

Morten Wolden

Morten Wolden er kommunedirektør i Trondheim kommune. Han er også leiar for styringsgruppa i det nasjonale «Bærekraftnettverket» for norske kommunar og fylkeskommunar.

Foto av Lena Landsverk Sande

Lena Landsverk Sande

Lena Landsverk Sande er ordførar i Vanylven kommune, og har vore det sidan 2015. Sande er utdanna lærar, men har jobba mellom anna som serviceleiar i Vanylven kommune, stabsleiar for rådmannen og har vore rektor på Åheim skule.

Foto av Rune Sjurgard.

Rune Sjurgard

Rune Sjurgard er kommunedirektør i Volda kommune og nestleiar i det nasjonale kommunedirektørutvalet i KS. Han har tidlegare vore rådmann i Herøy kommune. Som rådmann/kommunedirektør i til saman 20 år, har han lang erfaring frå kommunal kriseleiing. 

foto av helge orten

Helge Orten

Helge Orten (H) er leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

foto av Else-May Norderhus

Else-May Norderhus

Else-May Norderhus (Ap) er medlem i Energi- og miljøkomiteen og i Stortinget sin delegasjon for arktisk parlamentarisk samarbeid.

Arnhild Dordi Gjønnes

Arnhild Dordi Gjønnes, advokat i NHO Næringspolitisk avdeling

Arnhild er ein av NHO sine fremste ekspertar på offentlege anskaffingar og har mellom anna skrive handbøker og rettleiingar om temaet.  

Arne Ingebrigtsen

Arne Ingebrigtsen har vore rådmann i Kristiansund sidan 2015. Ingebrigtsen er utdanna ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, og fullførte nyleg eit årsstudium i velferdsteknologi ved høgskolen i Molde. 

Ingebrigtsen er seriegründer innan IT, litteratur, eigedom, rekruttering og mekling i selskap som QuestBack, ClickBase, Vendetta og Notar.

Stein Atle Veland

Direktør for NAV Møre og Romsdal. Veland er partner med den enkelte rådmann i drift og målretting av NAV kontora i fylket vårt. Ein av NAV sine viktigaste oppdrag er å bidra til at så mange som mogleg - kan arbeide så mykje som mogleg - så lenge som mogleg.

Foto av Tore Roppen

Tore Roppen

Tore Roppen er direktør for forretningsutvikling i Prodtex AS og Prodtex Industri AS. Tore har tidligare erfaring som direktør for produksjon og innkjøp i Kleven. Prodtex sin kjerneverksemd er digital produksjon med design, bygging og drift av robotiserte produksjonsceller. Prodtex bruker digitale tvillingar til programmering, design og datafangst frå produksjonsceller og komponentane produsert i cellene.

Foto av Bjørn Tore Nystrand

Bjørn Tore Nystrand

Bjørn Tore Nystrand er forsker i Møreforsking , kor han jobber med forskningsprosjekt på oppdrag frå ulike delar av offentleg og privat sektor. Bjørn Tore har vore involvert i ei rekke prosjekt på tvers av ulike forskningsfelt, frå optimalisering i fiskeindustrien og produkt- og marknadsutvikling, via kjønns- og utdanningsforsking til forbrukeratferd og forbrukermarkedsføring relatert til mat. Han er også stipendiat i markedsfag ved UiT Norges arktiske universitet.

Dokumenter

Kontakt